Hopp til innhold

Berga Helgheim kyrkje frå flaumen

Helgheimselva rann i natt over sine breidder og inn på kyrkjegarden til Helgheim kyrkje på Jølster.

Oddbjørg Helgheim

GALE: - Det er klart at med så langvarig kulde og så mykje nedbør, så tenkjer du på at det kan gå gale, seier Oddbjørg Helgheim og konstaterer at ho aldri har sett Helgheimselva fløyme over på ein slik måte som i natt.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Etter omfattande gravearbeid vart vatnet leia attende til det vanlege løpet.

- Vi har aldri sett elva så galen. Den har aldri flaumd over på ein slik måte. Tettpakka slaps står kring ein meter opp mot sakrestidøra, fortel Oddbjørg Helgheim, som bur nokre hundre meter frå elva og kyrkja.

- Såg gale ut

Bjørn Anders Steinsund i Jølster kommune fortel at fleire hundre kubikk sørpe tok vegen inn på kyrkjegarden til Helgheim kyrkje. Elva slo over kring 150 meter over kyrkja og fann seg nytt far over eit jorde og ned mot E39.

Steinsund skildrar det som dramatisk.

- Det såg gale ut i starten. Det såg ut til å vere mykje meir enn vi trudde. Vatn rann inn hovudporten, men vi klarde å leie det over kyrkjegarden og ut att i elva, seier han.

- Store massar under flytting

Etter det Steinsund kjenner til, skal ikkje sjølve trebygningen ha fått skade i flaumen.

- Det kom ikkje vatn inn i sjølve trebygningen, men grunnmuren ville nok fått press på seg. Det var mykje vatn i omlaup. Elva rann kraftig og tok med seg sørpe og isklumpar. Det var mykje vatn og massar under flytting, seier Steinsund.

Heller ikkje ved kyrkjekontoret i Jølster kjenner dei til at kyrkja har fått skade.

Rann over att

I to omgangar måtte mannskap ta spadane tak mot naturkreftene.

- Vi grov seks til åtte meter for hand for å leie vatnet ned att i hovudløpet. Det klarde vi. Vasstanden vart slått ned ganske greitt, men så tetta det seg att og elva gjekk over att, seier Steinsund som meiner førebygging og reinsking av elva er det som må til for å hindre at slikt skjer igjen.