– Førsteprioritet er å ta vare på elevane, spesielt dei frå klassen hennar. Dei er klassekameratar og snakkar med ho kvar dag, seier rektor ved Øyrane vidaregåande skule, Liv Horvei.
16 år gamle Maria Abrahamsen Knapstad frå Flora omkom i bussulukka på Ringerike i natt. Knapstad gjekk første året på restaurant og matfag ved skulen.
Eit vogntog kom over i feil køyrebane, og kolliderte med bussen frå Firda Billag som var på veg frå Gardermoen til Førde. Også sjåføren av bussen, 51 år gamle Asgeir Flaten frå Jølster og 69 år gamle Knut Sem Larsen frå Hemsedal, som var tilsett som sjåfør i Sogn Billag, omkom i ulukka.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Våre tankar går først og fremst til dei heime, foreldre, søsken og vener. Vi blir også påverka av dette, men må vere profesjonelle. Vi skal ta vare på elevane som er i sorg og sjokk, Vi må verne om kvarandre og støtte kvarandre, seier Horvei om jobben ho og skulen no må gjere.
Open skule for elevane
Klassekameratane til den omkomne har vore på skulen i dag, men ikkje hatt undervisning. Resten av dagen og kvelden blir skulen open for dei som ynskjer å vere samla.
– Eg og andre lærarar blir her, og skulen blir ein open samlingsstad for dei som ynskjer å vere i lag. Vi skal også arrangere ei minnestund der vi kan vere i lag og minnast, seier Horvei, som førebels ikkje har avklart tidspunkt for minnestunda.
- LES OGSÅ:
Har frykta å få ein slik beskjed
Ho meiner skulen sine kriseplanar har fungert godt, og at ein raskt kom i gong med kriseteam og det som måtte gjerast.
Når det skjer ulukker har rektoren mange gonger tenkt at nokre av hennar elevar kan vere innblanda, men det var eit sjokk då meldinga kom i dag tidleg.
– I dag var det faktisk ein av våre og det var ein veldig tung beskjed å få. Dette vil prege undervisninga og skulen ei stund. Det er heilt naturleg og det må vi ta høgde for, seier Horvei.