Hopp til innhold

Smelteverket i Årdal i full drift att etter brann smelteomn

Hydro i Årdal er i full drift att etter at det torsdag kveld byrja å brenne under ein smelteomn.

Hydro, Årdal Metallverk

SMELTEVERK: Hydro sitt aluminiumsverk i Årdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Smelteverket vart evakuert då dmetall frå ein omn hamna i kjellaren og tok fyr i forskalinga som var der.

Brannen vart raskt sløkt, men verket var utan straum i to timar.

– Sjølve hendinga var raskt over, men vi brukte litt tid på å få straumen tilbake. I 23-tida var verket i full drift att, opplyser assisterande kommunikasjonsdirektør i Hydro, Erik Brynhildsbakken.

Melde om eksplosjon

Dei første meldingane frå politiet gjekk på at det var brann og eksplosjon på smelteverket. Det vart sett i gang full utrykking, men brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen.

Den vart meldt sløkt like før klokka 22 torsdag kveld.

– Det er for tidleg å seie noko om kvifor dette skjedde. Det er noko vi vil undersøkje, seier Brynhildsbakken.

Utan straum i to timar

Då Hydro Årdal var utan straum i bortimot tre timar i januar 2016 var det nære på at metallet størkna i omnane.

Sjølv om dei unngjekk den store katastrofen vart ti prosent av omnane i Øvre Årdal sette ut av spel, og det heile kosta Hydro mange millionar kroner.

– Det er ikkje så kritisk når straumen er vekke i berre to timar, så eg reknar med at det går bra, seier fabrikksjef på Hydro i Årdal, Wenche Eldegard.

Ingen eksplosjon

– Det var brann i ein kjellar under ein smelteomn og det var eksplosjonslydar i samband med det. Det er snakk om smelta metall og det har ein tendens til å smelle når det kjem i kontakt med ting, opplyste vaktleiar Jan Gunnar Holvik på Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Ingen vart skadd i brannen og området vart evakuert.

– Det dreier seg om ein vanleg brann. No vil folk frå brannvesenet og Hydro sine folk halde vakt utover natta for å halde kontroll på at det ikkje blussar opp att, sa Holvik torsdag kveld.