Eks-politi mista sonen: Meiner politiaksjonar ikkje får ned rusbruken

SOGNDAL (NRK): Tidlegare politimann Knut Røneid hevdar at politiet bommar i sin måte å jobbe med ungdom og rus. Sjølv meiner han at sonen tok livet sitt etter å ha blitt straffa for hasjbruk.

Knut Røneid

VIL HA ENDRING: Knut Røneid vil ha endring i korleis politiet handterer ungdom og narkotikabruk.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Slike aksjonar heng ut enkeltpersonar og det er ikkje ein god taktikk om ein skal få ned rusbruken, seier Knut Røneid.

Røneid har jobba 15 år som politimann og reagerer på korleis politiet opptredde då dei arresterte to elevar på Flora vidaregåande skule.

Politiet skulle halde eit informasjonsmøte om narkotikabruk på skulen 1. november. Dei hadde med seg narkotikahund på møtet, som markerte på to elevar. Politiet har no oppretta sak på dei to elevane.

– Vil ein skape eit godt forhold mellom politi og ungdom så kan ein ikkje gjere slik. Kva forhold får ein til lov og orden om ein ser kompisane sine bli arresterte, seier Røneid.

Firdaposten skreiv først om Røneid si historie.

Mista sonen

Den tidlegare politimannen har ei personleg historie, som gjer at han reagerer sterkt på saka i Florø.

For tre år sidan tok sonen hans sjølvmord, berre kort tid etter at han vart fråteken førarkortet på grunn av hasjrøyking.

– Det var så hardt for han, at han ikkje kunne leve med det. Det var forferdeleg stigmatiserande, og det er det dette handlar om. Det er stigmatisering av dei som er utsett frå før og som kanskje ikkje har det så lett, seier Røneid.

Røneid meiner inndraging av førarkortet er for streng straff for hasjbruk.

– Dei skulle latt det vere med eit førelegg. Å inndra førarkortet i tillegg er ein dobbeltstraff. Hadde han køyrt i rusa tilstand så hadde det vore rett og rimeleg, men det gjorde han aldri.

Til Firdaposten seier Røneid at han ikkje klandrar politiet for at sonen tok sitt eige liv, og at det var sonen sitt eige val. Men han er kritisk til narkotikapolitikken i Noreg og meiner at politiet sin framgangsmåte i Florø ikkje høyrer heime nokon plass.

Handlar om trafikktryggleik

Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, var regionlensmann i Sogn då sonen til Røneid tok livet sitt.

– Eg har stor medkjensle i forhold til den tragedien som ramma Knut og familien. Eg har stor respekt og forståing for at dette er vanskeleg for dei, men eg kan ikkje kommentere innhaldet i enkeltsaker, seier han.

Politisjefen seier at på generelt grunnlag så handlar inndraging av førarkort om trafikktryggleik.

Arne Johannessen

POLITISJEF: Arne Johannessen er politisjef i Sogn og Fjordane.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Dette handlar om å førebyggje ulukker i trafikken. Ein som misbrukar alkohol eller narkotika kan vere ein fare for andre i trafikken og er ein stor risikoutfordring for alle som ferdast på veg. Regelverket er utforma for å skapa mest mogleg tryggleik for alle, seier han.

Vart gjort på ein skånsam måte

Johannessen meiner politiet ikkje kan kritiserast for måten dei tok inn dei to elevane som narkotikahunden markerte på, men at dei no vurderer om dei skal bruke hund i framtida.

– Det vart gjort på ein mest mogleg skånsam måte, og ikkje framfor alle elevane på skulen. Narkotika er ulovleg og ein må stå for sine handlingar, så eg meiner ikkje dette er uthenging av elevar.

– Det er politiet sin jobb å handheve norsk lov og dei som vel å bryte den står alltid i fare for å bli stigmatisert, seier han.

Narkohunden Odin

MARKERTE PÅ TO ELEVAR: Under politiet sin informasjonsdag om konsekvensane narkotikabruk kan ha for framtida til ungdom var det også med to narkotikahundar. Dei søkte i fellesområda, men fann ingenting i skapa til elevane. Derimot markerte dei på to elevar som ikkje hadde narkotika på seg, men politiet fann brukarutstyr heime hjå dei under ei ransaking.

Foto: Marita Aarekol / Bergens Tidende