NRK Meny
Normal

Eitt år etter flaumen står mykje arbeid att

Eitt år etter at enorme vassmassar herja i Aurland og Lærdal, har bygdene framleis ein veg å gå før dei er heilt i gjenge att.

Laster innhold, vennligst vent..

– Flaumen var ei sterk oppleving, og gjorde enormt inntrykk. Men midt i det heile oppmuntrar det meg at innbyggjarane er innstilt på å gå vidare og vil ha ei framtid her, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Det er eitt år sidan svært store nedbørsmengder og snøsmelting i fjellet gjorde at elvane gjekk langt over breiddene. Ingen liv gjekk tapt, men fleire hundre personar vart evakuerte i Aurland, Lærdal, Voss og Odda.

Laster innhold, vennligst vent..

«Som før» i 2017

Dei enorme vassmassane sopte med seg vegar, bruer og bygningar. Mykje har vore gjort, men først i løpet av 2017 ventar Distad at alt er som før flaumen.

Distad ved Flåm skule

BLI BETRE: – Rettesnora vår er å tenkje framover, og tenkje at når alt er ferdig så skal Flåm vere ein endå betre plass, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad (H).

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Arbeidet har gått kontinuerleg sidan første dag etter flaumen. Mellombelse vegsamband og bruer er på plass. No startar prosessen med permanente løysingar. Det vil vere ferdig i løpet av 2017, seier Distad.

Førebels er ikkje nokon av bygningane som reiste med Flåmselvi sett opp att. Totalt 13 bustader vart totalt øydelagde. Men kommunen har fått dei to første byggjesøknadene, og dei ventar fleire.

– Eg håpar det går raskt. Per i dag ser det ut til alle hus kan førast opp att, seier Distad.

Laster innhold, vennligst vent..

Startar sikringsarbeidet snart

Heller ikkje i Lærdal er dei heilt ferdig med flaumen. Arbeidet med å reparere bruene er snart ferdig, berre på brua over Kuvelda står det att noko arbeid. Fokus no er å sikre Kuvelda og Erdalselvi permanent.

– I løpet av kort tid reknar vi med at NVE sett i gang dette arbeidet. Dei naudsynte vedtaka frå kommunen si side er gjort og NVE har lagt ein plan. I neste veke skal vi ha eit møte med grunneigarane, seier rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr.

Få hus vart råka av flaumen i Lærdal, men vassmengdene skapte konsekvensar for fleire landbrukseigedomar.

– Der er det saker mellom grunneigarane og Naturskadefondet. Dei fleste er dyrka opp att og rydda, seier rådmannen.

Gå til forsiden

Her ryddar dei framleis opp etter flaumen

Ryddar i Aurlandsfjorden

Her ryddar dei framleis opp etter flaumen

7 bilder

    Ryddar i fjorden

    I Aurland har sikring av elveløpet i Flåmselvi har vore det mest grunnleggande arbeidet. NVE har både reinska og sikra elva. Det står framleis att ein del arbeid.

    – Elles er vi i gang med å føre fram veg, vatn og kloakk med tanke på å byggje opp att husa til dei som mista, seier han.

    Også den 29 kilometer lange Aurlandsfjorden ber framleis preg av flaumen. Langs heile fjæra på austsida ligg det tømmer og bygningsrestar som utgjer stor fare i springflo. Seinast i går gjekk skulebåten på ein tømmerstokk. Til alt hell gjorde den ingen skade

    – Det ligg ekstreme mengder, fleire meter tjukt, seier Thomas Rastad i Flåm Guideservice som har fått støtte til oppryddinga.

    Berre i går fjerna dei seks-sju kubikk tømmer frå fjorden.

    Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
    Teaterfestivalen i Fjaler  
    Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå