Hopp til innhold

Innbyggjarane i Aurland fryktar ny storflaum

Flåmselvi er ikkje godt nok sikra mot storflaum, meiner Harald Sjursen som bur like ved elva.

Herrelaust hus

Harald Sjursen fryktar tilstandar som under storflaumen i oktober i fjor i Flåmselvi.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Til Sogn Avis uttrykker Sjursen sterk uro over at Flåmselvi er ikkje godt nok sikra for å takle dei store snømengdene som ligg i fjellet. 28. oktober i fjor vart eit titals hus tatt av storflaum i vassdraget.

Sidan har NVE jobba på spreng med å sikre mot ny flaum.

Verst lengst nede

Ifølgje Sjursen er ikkje elva godt nok sikra i nedste delen.

– Dei har utvida elva lenger oppe i dalen, men lengst nede har dei ikkje ein gong reinska ned på det gamle elvelaupet. Dei har heller ikkje gjort elva breiare. Snarare tvert imot har dei bygd på landet på begge sider, seier han.

Sjursen viser til at flo frå sjøen to gonger i døgnet går langt opp i elva og at det igjen vil bli storflaum.

– Det er sterk frykt for at flaumen blir verre enn nokon gong. Det er for seint å sikre når flaumen kjem, seier Sjursen.

NVE avdramatiserer

Regiondirektør i NVE, Brigt Samdal, seier det ikkje skal vere grunn til spesiell uro.

– NVE har gjort eit stort arbeid i heile vinter sidan flaumen i oktober i fjor. Det er ein spesiell situasjon med veldig mykje snø i fjellet i år, men vi håper og trur at det arbeidet vi har gjort skal stå imot vassmengdene ein kan forvente. Samtidig kan vi heller ikkje gje garantiar. Vi er per i dag så trygge som vi kan bli, men det er mykje arbeid som står igjen i elva, seier han.

– Er risikoen i Flåmselvi større enn i andre vassdrag i fylket?

– Nei, det vil eg ikkje seie, seier Samdal.