Hopp til innhold

Her samlar dei inn ting som kan vere verdfulle for dei som trudde alt var gått tapt

I Flåm stilte i dag meir enn 70 ivrige personar til dugnad for å rydde opp etter flaumen i slutten av oktober. Målet var mellom anna å finne personlege gjenstandar i det kaoset den flaumstore Flåmselvi skapte.

Torvald Tokvam

-VIKTIG Å SAMLE MINNE: Torvald Tokvam leita saman med 40 elevar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Lærar Torvald Tokvam stod i spissen for ein flokk på 40 elevar frå Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Dei leita i eit område frå 200 meter nedanfor Flåm skule og opp mot Flåm kyrkje. Tokvam meiner det er viktig å prøve å finne mest mogeleg av dei eigedelane som vart tekne av Flåmselvi.

– Det er ein stor katastrofe som har lamma samfunnet. Mange hus gjekk med, og det er spreidd mange eigedelar og bygningsmaterialar nedover dalen. Å finne att dei minna og verdigjenstandane som gjekk tapt ser vi på som veldig viktig.

Ryddedugnad i Flåm

KLARE TIL INNSATS: Steve Elgåen i Aurland kommune gir instruksar til dei over 70 som hadde møtt opp til ryddedugnaden.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fann trekkspel og bøker

– Er det kjekt å kunne få vere med og bidra i ein slik innsats?

– Absolutt. Her trengst det mykje jobb, det er ein utruleg innsats som skal til for å få dette tilbake slik det var. Men vi kan iallfall bidra litt.

Mellom det dei har funne er eit gamalt trekkspel og nokre bøker.

– Det er rart å finne slike personlege ting som sikkert betyr mykje for dei som har mista det. Det er mykje som er øydelagt, men eg vil tru det er nokre spesielle minne å ta vare på for ettertida.

Trekkspel funne etter flaumen i Flåm

HAR GJORT SITT: Dette trekkspelet kan sikkert vere eit godt minne å ha, sjølv om det neppe let særleg godt. Legg merke til tittelen på boka: «Det var en deilig sommar».

Foto: Rune Fossum / NRK

– Heilt fantastisk

Ordførar Noralv Distad (H) er imponert over oppmøtet. Han seier at dei i Aurland kommune set veldig stor pris på det initiativet som er teke.

– Det er heilt fantastisk å kome og sjå at her møter det over 70 personar som er klare til å gå ut i felten og spandere ein heil dag. Her er folk frå både næringslivet og frå Sogn Jord- og Hagebruksskule. Dei har ein utruleg viktig jobb framfor seg, og vi er glade for at så mange stiller opp.

Dei frivillige vart delte inn i lag som fekk kvar sine søkefelt. I første rekkje er det ein ryddeaksjon, seier Distad.

– Dei søker etter ting og tek vare på dei. Dei skal vere merksame om dei finn private gjenstandar frå dei som har mist husa sine oppover dalen. Dei må ta vare på desse og behandle dei med respekt.

Funn etter flaumen i Flåm

LITT AV DET DEI FANN: Mellom alt dette finst det sikkert ting som har verdi for nokon.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Viktig å leite før maskinane blir sette inn

Mange har mist alt dei hadde av inventar i husa som vart tekne av Flåmselvi.

– Noko er attfunne, men kanskje kan mannskapa finne meir i dag. Det er viktig at vi gjer dette før vi går inn med tyngre maskinar. Det ligg ein del i elva, men også langs fjorden er det mykje som stammar frå husa som vart tekne.

Ordføraren reknar med at 70 personar kan gjere mykje på ein dag, og han er glad for vêret.

– Det er litt kjølig, så det betyr at alle må jobbe hardt for å halde varmen. Det blir gjort mykje godt arbeid i dag.

Og det er sjølvsagt viktig å få gjort det meste av ryddearbeidet før snøen kjem.

I Flåm stilte i dag meir enn 70 ivrige personar til dugnad for å rydde opp etter flaumen i slutten av oktober. Målet var mellom anna å finne personlege gjenstandar i det kaoset den flaumstore Flåmselvi skapte.

SJÅ TV-SAK: Dei vel 70 som møtte opp på ryddedugnaden fann ein god del personlege ting.