NRK Meny
Normal

Eit steg nærare skipstunnel ved Stad

Det kan bli oppstart av skipstunnel ved Stad i 2018 - av det største alternativet der hurtigruteskip kan gå gjennom.

Jublar for Stad skipstunnel

GLADE: F.v. Prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad, pensjonert redningsskøyteskipper Magne Sætren, Vågsøy-ordførar Morten Hagen (H), fylkespolitikar Frank Willy Djuvik (Frp), Selje-ordførar Ottar Nygård (Tverrpolitisk liste) og fylkesnestleiar Hogne Bleie i Frp i Måløy i dag der nyheita blei sleppt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Samferdselsdepartementet har bede Kystverket om å utarbeide eit forprosjekt om Stad skipstunnel.

– Dette er ei del av arbeidet med eit forslag som kan leggast fram for Stortinget, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Han seier at dei på bakgrunn av tidlegare forundersøkingar, går vidare med det største tunnelalternativet i forprosjektfasen.

– Det betyr at hurtigruteskipet MS Midnatsol og tilsvarande fartøy skal kunne segle gjennom tunnelen, seier samferdselsministeren.

– Ein gledeleg dag

Det har vore 19 utgreiingar og mange har kjempa i fleire tiår for å få plass skipstunnelen. Høgreordførar Morten Hagen i Vågsøy seier han er glad den endeleg kjem i gang.

– Dette er ein gledeleg dag for Vestlandet for alt som har med transport og fritidsbruk langs kysten. Vi har vore gjennom for mange utgreiingar. No må vi få på plass det som skal for at tunnelen kan bli finansiert i 2017/2018.

– Når trur du den er ferdig?

– Eg har eit håp om at det kan komme eit vedtak i 2018, med finansiering og byggjestart rund då, seier Hagen.

Containerskip i Stad skipstunnel

I TUNNEL: Skipstunnelen gjer at båtane slepp det verutsette Stadhavet.

Foto: Nordwest 3D / Stad skipstunnell

– Ein ball som er uråd å stoppe no

Stad skipstunnel er omtalt i Nasjonal transportplan 2014–2023 og betyr mykje for skipstrafikken på Vestlandskysten. Førre regjering sette av ein milliard kroner til slutten av planperioden.

Bakgrunnen for prosjektet er de spesielle seglingsforholda ved Stad. Dette fører mellom anna til at fartøy ventar i staden for å passere Stad under dårlege verforhold.

Om alt går etter planen vil Stad Skipstunnel vere klar til løyving i neste Nasjonal Transportplan som er frå 2018–2022.

Fylkespolitikar Frank Willy Djuvik (Frp) er heilt sikker på at tunnelen kjem.

– Dette er ein snøball som byrja å rulle. No er ballen så stor at det ikkje er råd å stoppe den. Eit samla storting backar opp og vi har ei regjering med handlekraft. Vi får sjå om den er ferdig bygd ut 2020 eller 2021. Det vil tida vise, men no kjem den i alle fall, seier han.

Magne Sætren om skipstunnel

VIDEO: Tunnelforkjempar Magne Sætren håper tunnelen no kjem. Her med prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad. Foto: Asgeir Reksnes, NRK

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå