Hopp til innhold

Eit oppdrag utanom det vanlege for brannvesenet

FØRDE (NRK): 10.000 liter med gylle på avvege gjennom eit bustadfelt er ikkje daglegdags for brannvesenet.

Gylle Førde

UVANT: Rune Ytredal i Førde brannvesen var blant dei første som kom til bustadfeltet, og dette var synet som møtte han.

– Det er første gong eg har vore med på ein slik situasjon, så vi måtte tenke nytt, seier Rune Ytredal som var innsatsleiar i Førde Brannvesen.

Laurdag ettermiddag strøymde om lag 10.000 liter med gylle frå ein driftsbygning ut gjennom eit nabolag i Førde sentrum.

Gylle Førde sentrum

TIL RANDEN: Slik såg det ut då gylla rann gjennom tunet på laurdag.

Foto: Privat

– Vi var der i om lag åtte timar. Først fekk vi oversikt om kva vi skulle gjera. Vi nytta gravemaskin og lastebil, samt ei gyllevogn som pumpa vekk massen som var under terrassen, seier Ytredal.

Rune Yttredal, Førde brannvesen

Rune Ytredal i Førde Brannvesen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Måndag var eit oppyddingsfirma på plass på terrassen som var hardast råka. Arbeidaren NRK snakka med fortel at heile balkongen må rivast opp, då det har sett seg gylle i ein duk som ligg under.

Men trass i at store mengder gylle rann ut er det berre eitt hus som er har råka. Resten av bebuarane i bustadfeltet klarte å hindra møka frå å nå fram til husa deira.