Hopp til innhold

Nabolag fekk plutseleg fleire tusen liter med gylle på besøk

Det lukta ikkje spesielt godt då brun og illeluktande gylle fossa over nabolaget.

Falkenstein i Førde

FALKENSTEIN: Det var her på Falkenstein i Førde, at gylla rann på laurdag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er oppretta undersøkingssak på denne forureininga. Vi får sjå kva som kjem ut av det, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Per Rimmen.

Store mengder med gylle spreidde seg raskt over nabolaget Falkenstein i Førde på laurdag.

– Det var ein gjødselkumme dette kom frå. Det gjorde at fleire tusen liter med gylle rant ut i området, seier Rimmen.

Brannvesenet kom først til staden og hadde litt av ein «dritjobb». I fleire timar jobba dei med å få kontroll over mengdene med gylle. I oppryddingsarbeidet bad dei politiet om å komme til staden for å dokumentere hendinga, seier Rimmen.

Ein veit førebels ikkje kvifor nabolaget fekk eit ublidt møte med innhaldet i gjødselkjellaren.

– Vi veit ikkje årsaka bak dette, men gylle blir jo oppbevart i ein kjellar eller ein tank. Når det kjem ut på denne måten, så er det jo på grunn av ein lekkasje.

To lekkasjar på ein dag

Brannvesenet måtte skjære hol i ein terrasse for å pumpe opp gylle.

– Vi veit at det er eit gards- eller bruksnummer som har fått gylle på terrassen. Dette spreidde seg vidare til eit parkeringsområde, seier Rimmen.

Operasjonsleiaren seier det var eigaren av gjødselkjellaren som sjølv melde frå til politiet.

Nabolaget blei spylt og gylle blei pumpa opp i ei gyllevogn. I oppryddingsarbeidet skjedde det på ny ein lekkasje.

– Det var tekniske problem med gyllevogna som var med på å rydde opp etter lekkasjen, så då rann det gylle ut av vogna, seier Rimmen.