NRK Meny
Normal

Einsemd tek ikkje julefri

Medan fleire studentar sit på lesesalen og niles til eksamen, har Helene Wallin Torjussen og Elise Sandvik valt å løyse delar av eksamensprosjektet sitt ved å lage julegåver saman med eldre i Viksdalen.

Julekort

JULEKORT: Eit av mange kort som pensjonistane laga på juleverkstad i samband med studentprosjektet Einsemd tek ikkje julefri. Dei skal gje korta bort til familie, venner og kjente.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

– Eg er ganske skjelven, eg lurar på korleis me skal få dei i gang. Eg har erfaring frå før at ikkje alle likar juleverkstad, så eg håpar på det beste, men forventar det verste, seier Torjussen og ler.

Helene Wallin Torjussen og Elise Sandvik

JULEVERKSTAD: Sjukepleiarstudentane Helene Wallin Torjussen og Elise Sandvik arrangerer verkstad for eldre i Viksdalen.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Kaffilukta fyller rommet, vaflane og julekakene er plassert på bordet, og pensjonistar strøymer på til bygdetunet i Viksdalen. I regi av frivilligsentralen kjem dei vanlegvis kvar onsdag for å drikke kaffi og skravle. Men denne gongen har dei besøk av dei to unge sjukepleiarstudentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Me skal arrangere juleverkstad og lage julekort, kremmarhus, dekorere syltetøyglas og meir, seier studentane.

Juleverkstad til eksamen

Studentane går siste året på sjukepleiarstudiet og er no på utplassering hjå frivilligsentralen. Erfaringa frå utplasseringa skal jentene bruka til eksamensprosjektet sitt: Einsemd tek ikkje julefri.

Juleverkstad

SAMTALE: Sandvik pratar med ein pensjonist medan ho hjelpar til med å lage julekort.

Foto: Hibba Sarmdawy / NRK

Heile året sit folk heime og er einsame, som kanskje ikkje har mykje familie eller har mista nokon dei er glade i. Dei fleste tenkjer at til jul skal alle ha familieselskap, ha det kjekt og gøy. Men ofte sit det folk heime og gruar seg til jul og fyrste adventsdag, forklarer jentene.

Tidlegare har dei jobba i heimesjukepleia og møtt på mange eldre som føler seg einsame. Gjennom juleverkstad ynskte dei å vera saman med dei eldre, slå av ein prat og få dei til å vera med på noko utanom det vanlege.

– Det å arrangere verkstad og prate med dei er ei erfaring me kan ta med oss vidare og jobba med i eksamensprosjektet, seier studentane.

Einsamt på dagen og kvelden

– Det er kjekt at det er noko for oss eldre å gå på enkelte dagar, elles vert det til at ein sit åleine både på dagen og kvelden, seier Aslaug Hellebust.

Helebust

GÅVE TIL BARN: Hellebust har laga julekort til ein 4-åring.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Ho pleier å vera på bygdetunet omtrent ein gong i veka, men ho synest det er ekstra kjekt når det vert arrangert noko utanom det vanlege. Sjølv har ho kort veg til bygdetunet, men det kan vera vanskeleg for mange andre å koma hit.

– Eg har så kort veg, men det er jo mange andre som bur langt vekke, seier Hellebust.

– Vi skjønar at det er vanskeleg for mange å koma seg ut her, difor har me valt å arrangere det her i håp om at fleire kjem seg ut dersom me ordnar med skyss, seier Torjussen.

Frå hammar til drill

Pensjonistkvinnene kom fort i gang med å lage julekort og pynte syltetøyglas, men mennene derimot, er litt vanskelegare å setje i aktivitet.

– Me tenkte at det er litt vanskelegare å planlegge noko for mennene. Men gamle menn har sikkert veldig lyst til å hamra med spikrar, seier sjukepleiarane.

Difor valte dei å ta med seg gamle hermetikkboksar, spiker og hammar for å få

Råheim

EI HJELPANDE HAND: Ådmund Råheim hjelpte Einar Eldal då han laga hol i hermetikkboksen.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

mennene til å lage hol og forme stjerner og hjarter på boksane. Med stearinlys oppi kan det sjå fint ut, tenkte dei.

– Det funkar jo ikkje med hammaren, seier Eivind Eldal i det han går laus på hermetikkboksen.

Han er ein av få menn som prøvar seg. Dei andre herrane prøvar å hjelpe til, men skjønte etter kvart at dette ikkje er så enkelt. Men plutseleg får Ådmund Råheim, som sit like ved Eldal, ein idé!

– Er det noko drill her i huset, spurte Råheim.

– Vent litt så fiksar med det, seier han til Eldal.

Juleverkstad i Viksdalen

DRILLING: Her kan du sjå Einar Eldal som tar i bruk ein drill for å lage hol i hermetikkboksen.

Det tok ikkje så lang tid før studentane hadde funne fram ein drill, og då var Eldal i gang igjen med å forme hjarta på hermetikkboksen. I laupet av få minuttar var han ferdig og mennene var spente på resultatet.

– Det skulle vera eit hjarta, men det vart ikkje det, seier Eldal og legg frå seg boksen.

– Me får råvarene

Torjussen har rett, det er ikkje så lett å setje mennene i aktivitet. Dei fleste gav opp etter at Eldal hadde lagt frå seg hammar og drill.

– Nei, dei fleste av oss har nokon heime som lagar det vi treng. Så vi får råvarene, seier Råheim.

Syltetøyglass

RÅVARER: Dette er nokre av syltetøyglasas pensjonistane lagde på verkstaden.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Kvinnene på andre sida av rommet er ikkje nøgd med mennene sin innsats, og prata om kvifor juleverkstad ikkje får menn i aktivitet.

– Dei likar berre å skravle og diskutere. Dessutan er dei gammaldagse og tenkjer at dette er ein jobb for kvinner. Dei veit jo at me ordnar og fiksar med slikt, så då trenger ikkje dei å tenkje på det.

Mennene synest likevel at det er kjempe fint at studentane tar initiativ til å halde juleverkstad. Men dei hadde ingen gode svar på kva som måtte til for å få dei i aktivitet.

– Det er jo kjekt med julestemning, men det er best å drikke kaffi og prate, seier dei.

Einar Eldal

ELDAL: Ser på kva kvinnene har laga under juleverkstad.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Kvinnene fekk laga ein god del råvarer, og Hellebust fekk blant anna laga eit julekort ho er svært nøgd med.

– Eg har skrive god jul frå tante Akka. Fordi det er ein gut som blir fire år også kallar han meg for tante Akka. Men eg heiter eigentleg Aslaug.

Gåver lagde dei til venner og familie, men også til kvarandre. Syltetøyglas som dei fylte med julekaker vart blant anna utveksla.

– Dei spurte om me kom tilbake til påsken

– Me har snakka mykje med dei eldre som er her og dei har fortalt oss at dei synest det var mykje kjekkare enn det dei trudde at det var. Dei er vande til å koma her, drikke kaffi og skravle også dra heim igjen. I dag er det fleire som ynskjer å bli sitjande og lage julekort, seier studentane.

Helene Wallin Torjussen

NØGD: Helene Wallin Torjussen er glad for å sjå at dei eldre likte juleverkstaden.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Dei er nøgd med resultatet. Både fordi dei fekk prata ein god del med dei eldre, men òg fordi dei fekk gode idear som dei ynskjer å ta med seg vidare til eksamensprosjektet.

– Kjempe kjempe bra, eg er veldig glad, varm og god inni meg. Eg får skikkeleg julekjensle. Det er godt å sjå at me gjennomførte det så bra og at dei fleste fekk noko ut av det, avsluttar studentane.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser