- Den 21. mai 2019 publiserte NRK ei sak der vi beklagar omtalen av denne saka. Bildet som vart brukt bidrog til identifisering av staden, og det vart meldt at ein mann var omkomen før pårørande vart varsla. Vi siterte politiet på staden på at ulukka skuldast at det var sleipt i graset.Dette viste seg å ikkje stemme sidan undersøkingar i ettertid viser at utforkøyringa skuldast hjartesvikt.
Ulukka skal ha vore eit uhell der traktoren har sklidd utfor og kvelva ned i elva. Det var sleipt i graset.
– Vi ser på dette som eit reint uhell, seier innsatsleiar for politiet, Joachim Malterud.
Helse, brann og politi vart varsla om ulukka og sende ut store mannskap til staden. Det vart også kalla ut redningsdykkarar frå Måløy og redningshelikopter frå Florø.
Då dei kom fram låg traktoren i elva. dykkarar gjorde søk og fann mannen. Det vart sett i gang livreddande arbeid.
– Pårørande er varsla og det er gjort undersøkingar på staden, men vi skal arbeide med å belyse kva som har skjedd, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen.
Dei ventar no på å få berge traktoren.
Det skal ha vore nokre vitne til ulukka, men politiet veit ikkje kva og kor mykje folk har sett