Hopp til innhold

NRK beklagar omtale av dødsfall i Naustdal

NRK beklagar omtale av ei traktorulukke i Naustdal den 14. oktober 2018.

Den 14. oktober omtalte NRK ei hending der ein person omkom.

I omtalen av saka brukte vi eit bilete som viste for mykje av landskapet og som bidrog til ei identifisering av staden.

Vi fortalde også at ein person var omkomen før vi hadde forsikra oss om at pårørande var varsla, og vi siterte politiet på staden på at ulukka skuldast at det var sleipt i graset.

Dette viste seg å ikkje stemme sidan undersøkingar i ettertid viser at utforkøyringa skuldast hjartesvikt.

NRK beklagar den belastninga denne omtalen har vore for dei pårørande.