NRK Meny
Normal

Ein ekstra ved middagsbordet

– Før var det ikkje bra. Det var krig og det var vanskeleg, seier Janatgul (15). Og det er alt han vil seie om tida før han kom til Noreg.

Janatgul

Janatgul (15) kjenner ikkje så mange enno, men på fotballbana er han ein del av gjengen.

Det er ein månad sidan 15 år gamle Janatgul frå Afghanistan flytta inn hos familien Nøringset i Førde. Han snakkar lite norsk og ingen engelsk. Det er ein av grunnane til at det tar tid å bli kjent med han.

– Han kjem frå eit krigsherja land og har mista mykje familie. Vi veit ikkje nok om bakgrunnen hans. Om traume han kan slite med, seier nybakt fosterfar, Norvall Nøringset.

Familien Nøringset

FOSTERFAMILIE: For ein månad sidan fekk familien Nøringset ein afghansk fosterson. Janatgul (15) har ingen andre.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Ville hjelpe

Janatgul er ein av 859 einslege mindreårige flyktningar som kom til Noreg i 2015. Busetjinga av desse held på enno. Sjølv om einslege mindreårige er ei prioritert gruppe, ventar framleis 30 av borna som skulle ha fått seg ein heim i fjor på å få familie. For familien Nøringset var det eit enkelt val.

– Med tre vaksne og utflytta born, god plass og tid til overs synest vi det var fint å kunne opne heimen vår til nokon som treng litt ekstra omsorg.

  • LES OGSÅ:
Spelar data

FOTBALLSPEL: Dei har ikkje så mykje språk til å forstå kvarandre med, men dei er begge interesserte i fotball. Og slik blir Norvall Nøringset litt meir kjend med fostersonen Janatgul.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Mindreårige må vente lenge i mottak

Rita Tonning

Rådgjevar i fosterheimstenesta, Rita Tonning.

Foto: Ahmad Dean / NRK

I tillegg til dei borna som har fått opphald i Noreg sit det ganske mange og ventar på å få behandla sin søknad. Rådgjevar i Fosterheimstenesta, Rita Tonning, meiner UDI bruker for lang tid.

– Dei lever på vent. Dei får ikkje byrja å leve liva sine. Du kan no tenke deg sjølv korleis det må vere, seier ho.

Mange søknadar frå 2015

Leiar ved Barnefaglig eining i Asylavdelinga i UDI, Bente Skarprud Aavik, seier dei jobbar for å korte ned ventetida, men at den store mengda med einslege mindreårige asylsøkjarar som kom i 2015, har gitt dei ei utfordring.

Enhetsleder i Barnefaglig enhet i Asylavdelingen i UDI, Bente Skarprud Aavik

Leiar ved Barnefaglig eining i Asylavdelinga i UDI, Bente Skarprud Aavik, seier dei prioriterer einslege mindreårige høgt.

Foto: Marit Gjellan / NRK

– For å få ned køen, har vi ikkje alltid behandla søknadane i den rekkefølgja dei kom inn, men etter ei rekke omsyn som blant anna gjer sakshandsaminga mest mogleg effektiv. Dette gjer at nokre har fått saka raskt behandla, mens andre må vente lenger, seier Aavik.

Vil ikkje tenkje på framtida

Janatgul skal bu hos familien Nøringset til han blir 18. Etter det er det meir usikkert kva som skjer.

– Vi vel å ikkje tenkje på det som skjer når han vert myndig. Det viktigaste for oss er at han er trygg, at nokon bryr seg om han og at han har det bra akkurat no, seier fosterfaren.

Janatgul spelar fotball

HÅPEFULL: Janatgul håper å kunne lever av å spele fotball.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Janatgul har midlertidig opphaldsløyve i Noreg fram til han vert 18. For å få bli verande i landet må han søke om permanent opphald. Utfallet av den søknaden er uviss.

– Eg vil ikkje tenkje så mykje på det. Men. Kanskje eg blir profesjonell fotballspelar ein gong, seier han håpefullt.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast