NRK Meny

Eigarane må skaffe 1,7 milliardar – vil ta Fjord1 på børs

Eigarane av norges største ferjereiarlag må skaffe nær to milliardar kroner og vil no ta gigantselskapet til børsen.

Eigarane av Norges største ferjeselskap Fjord1, vil leggje selskapet ut på børs. Mange fryktar at nye internasjonale eigarar kan true Fjord1 sin lokale forankring i Florø, mens andre ser muligheter for ekspansjon og omstilling.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå sak om Fjord1 som vil på børs frå Vestlandsrevyen.

Majoritetseigar Havilafjord vil legge 49 prosent av Fjord1-aksjane på børsen for å skaffe nær to milliardar kroner.

Det er Nett.no som fortalde dette i dag. Per Sævik og Havilafjord ynskjer å bruke pengane til å kjøpe resten av Fjord1-aksjane frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Ikkje teke avgjerd

Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 stadfestar at dei syslar med slike planar.

Dagfinn Neteland

KJENNER TIL PLANANE: Adm.dir. Dagfinn Neteland i Fjord1.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det har pågått ei vurdering ein liten periode, og den vurderinga pågår framleis. Det kjenner eg til. Men det er viktig å presisere at det ikkje er teke ei avgjerd om å ta Fjord1 til børsnotering. Det ligg til styrerommet, og styret har ikkje hatt det oppe til vurdering.

– Kva vil det ha å seie for Fjord1 om det blir børsnotert?

– Frå min ståstad som leiar for selskapet så ser eg det som vilkårslaus positivt. Det ligg ikkje nokon dramatikk i det.

Neteland kan ikkje svare på når ei eventuell avgjerd blir teken.

– Ikkje oppfylt avtalen

Aleksander Øren Heen (Sp) er styreleiar i eigarselskapet for Fjord1, Fjord1 Holding. Han viser til at i avtalen mellom fylkesommkunen og Havilafjord er det skrive at det skulle gjerast ein jobb for å finne regionale investorar.

– Vi har ikkje blitt invitert inn i eit slikt arbeid, og vi meiner Havilafjord ikkje har oppfylt avtalen på det punktet. Vi ynskjer at Fjord1 skal vere eit vestlandsselskap.

Leiar Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Arbeidarparti seier det at Fjord1 kanskje blir børsnotert er ein konsekvens av salet av aksjar til Havilafjord.

– Dette har vi i grunnen tenkt kunne vere i løypa. Her er det tydeleg eit behov for kapital for å kjøpe dei resterande aksjane frå fylkeskommunen. Havilafjord har opsjon på dette, og dersom dei skaffar pengane er det strake vegen for å kjøpe opp dei resterande 33 prosent.

Rekordresultat i 2016

Det er i ein investorpresentasjon frå Fearnley Securities at Havilafjord no gjer alvor av planane om å ta selskapet på børs. Der er prisen på kvar aksje sett til mellom 32 og 35 kroner. Det prisar heile Fjord1 til mellom 3,2 til 3,5 milliardar kroner.

Fjord1 gjekk svært godt i 2016 og fekk eit rekordresultat på 504 millionar kroner.

Havilafjord eig 67 prosent av Fjord 1 etter at selskapet i august i fjor kjøpte 26 prosent av aksjane til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkeskommunen selde seg ned frå 59 til 33 prosent eigarskap i Fjord1, men Havilafjord sikra seg ein opsjon om å kjøpe dei resterande aksjane innanfor ein periode på to år.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar