Hopp til innhold

Fjord1 med rekordresultat i 2016

Fjord1 legg bak seg eit år med svært mykje uro, men klarte likevel å tene rekordmykje pengar. I 2016 omsette transportselskapet for 2,38 milliardar kroner, og går ein halv milliard i pluss.

Dagfinn Neteland

BLID: Dagfinn Neteland har god grunn til å smile over resultata Fjord1 la fram for sine tilsette i dag.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Dette er ei historisk resultat. Vi er stolte over det, og det må feirast, seier administrerande direktør i Fjord 1, Dagfinn Neteland, til NRK.no.

Det førebelse konsernresultatet viser at Fjord1 sit att med eit overskot på 504 millionar kroner før skatt for 2016. Det er meir enn ei dobling frå året før, då dei i 2015 stod att med 212 millionar kroner før skatt.

– Det er viktig at selskapet styrker resultatet når vi no står framfor store investeringar, seier Neteland.

Fjord1 var i 2016 på alle sine lepper på grunn av den betente striden om kven som skulle få kjøpe Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar. Med knappast mogleg fleirtal gjekk politikarane først inn for å selje aksjane til Torghatten, eit sal som vart stogga av Konkurransetilsynet. På seinsommaren vart det klart at fylkeskommunen sel aksjane til Per Sævik og Havila-konsernet.

Fokus på tryggleik

Neteland hadde med seg kake då han i dag presenterte dei gode tala for dei tilsette på hovudkontoret i Florø. Viktige forklaringar på at selskapet tener gode pengar er stabil drift og at dei har unngått store, alvorlege hendingar med fartøya sine.

Neteland fortel at HMS-arbeidet har stått i høgsetet over fleire år. Kvar dag legg selskapet sine fartøy til kai om lag 1800 gonger, og om nokre dagar har det gått eit heilt år sidan eit fartøy var involvert i alvorlege, uønskte hendingar.

– Dei siste fire åra har alle tilsette i selskapet jobba målretta med tryggleikskulturen. Det ser vi no resultatet av. Det viktigaste vi gjer er å operere fartøya våre sikkert. I tillegg er det positivt at god tryggleik også er god økonomi, seier Neteland

– Eg er kjempestolt over dei tilsette og jobben dei gjer, legg han til.

Dagfinn Neteland serverte kake og presenterte gode tal for 2016

KAKEFEST: Dagfinn Neteland serverte kake då han i dag presenterte dei svært sterke tala for 2016.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Står framfor store investeringar

I månadane framover skal Fjord1 kjempe om drifta av fleire nye ferjesamband. Store avtalar er allereie spikra, og det blir gjort store investeringar for å innfri krava i desse kontraktane.

Frå 2018 set selskapet mellom anna i drift sitt første samband med nullutslepp, nemleg Anda-Lote på E39 i Nordfjord.

– Vi har fått eit godt resultat, men vi treng det. Vi skal gjere store investeringar, så pengar treng vi, og vi skal bruke dei godt på framtidige anbod, seier Neteland.

– Kva satsar de på no?

– Det store no er det grøne skiftet. Vi skal elektrifisere alle ferjene våre på sikt. Det er ein kjempejobb, kanskje større enn vi sjølv anar, seier Neteland.