Hopp til innhold

Ei tredobling av kontrollverksemda til politiet vil lønne seg

Dersom politiet fekk høve til å ha tre gonger så mange kontrollar som i dag, ville dette lønne seg økonomisk.

Terje Oksnes, UP

SAMD: Distriktsleiar i distrikt 6 i UP, Terje Oksnes, seier funna frå TØI samsvarar med politiet si oppfatning av verknaden av kontrollverksemd.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Det vert halde altfor få kontrollar i dag. Det er samfunnsøkonomisk lønsamt å auka kontrollane i trafikken, seier prosjektleiar i Transportøkonomisk Institutt, Rune Elvik.

TØI har sett på utvikling i oppdagelsesrisiko for trafikklovbrot.

Dei har teke utgangspunkt til seks typar overskridingar: fartsoverskriding, promillekøyring, manglande bruk av bilbelte, køyring medan ein er påverka av medikament eller narkotika, brot på køyre- og kviletid og bruk av handhalden mobiltelefon under køyring.

– Vi ser heilt klart at ei tredobling av kontrollverksemda vil gi ein samfunnsøkonomisk nytte som er større enn kostnadane. Det er noko vi har komme fram til fleire gonger. Det er ikkje første gongen vi konkluderer med dette, seier Elvik.

Ikkje i tvil om at det stemmer

– Når mine patruljar er ute og jobbar, tek dei ganske mange trafikksyndarar. Med ein auke i bemanninga, ville vi truleg teke like mange med nye patruljar. At dette ville fått noko å seie for trafikktryggleiken, er eg ikkje i tvil om, seier distriktsleiar i distrikt 6 i UP, Terje Oksnes.

Per i dag er det to UP-patruljar som er på vegane i Sogn og Fjordane. Oksnes seier politiet gjer det dei kan med dei ressursane dei har fått tildelt.

– Dei ressursane eg har er dei eg rår over. Då må ein nytte dei på best mogleg vis når det gjeld trafikktryggleik, seier Oksnes.

Sogn og Fjordane kan få si tredje UP-patrulje i løpet av 2016. Dermed vil UP-tettleiken gå opp med heile 50 prosent.

Fleire held høg fart

Sjølv om det er langt mellom dei alvorlege ulykkene i Sogn og Fjordane, har UP teke mange trafikksyndarar i årets første ni månadar.

– Når det gjeld rustekne, så ligg vi bitte litt under fjoråret og året før, men det er marginalt. Når det gjeld fartsoverskridingar så har vi avdekt relativt mange fleire, seier Oksnes.

Det har vore ein klar auke i talet på kverrsette førarkort på grunn av fart.

– Vi ser også ein auke når det gjeld manglande bruk av bilbelte, samt bruk av mobiltelefon, seier Oksnes.

Han meiner dette skuldast at dei to UP-patruljane i Sogn og Fjordane jobbar godt.

– Dei er eit stort bidrag til trafikktryggleiken i fylket, seier Oksnes.

Kan redusere talet på trafikkdrepne

Transportøkonomisk Institutt har nyleg publisert ein rapport som grundig tek føre seg kor mykje talet på drepne og hardt skadde i trafikken kan reduserast.

Løysinga på dette er samansett, men auka kontrollverksemd er også ein bit av dette biletet.

– Det er ein samanheng mellom kontrollverksemd og talet på dødsulykker. Fleire kontrollar kan vere med på å redusere talet på drepne og alvorleg skadde, seier Elvik.