Hopp til innhold

Politimeld for ugyldig førarrett to gonger same dag - «Skulle berre køyre bilen heim...»

Politiet rykte fredag kveld ut til det dei trudde var ei promillekøyring. Fullt så gale var det ikkje. Men ikkje langt ifrå ...

Bringeland

– Litt spesielt var det jo, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Drange.

Men lat oss starte med byrjinga. I føremiddag og tidleg ettermiddag heldt UP promillekontroll på E39 i Førde i Halbrendslia. Politiet melde tilbake om 156 fullstendig edrue bilistar, samt éin som vart politimeld for å ikkje ha gyldig førarrett.

– Mannen i 80-åra hadde ikkje gyldig førarrett, og dermed heller ikkje løyve til å køyre bil, seier Drange.

Frykta rattfyll

Mannen hadde, då han vart stoppa, køyrt frå Gaular til Førde.

Mannen vart politimeld på staden, og fekk beskjed om at mannen måtte få nokre andre til å køyre bilen heim for seg.

Like etter klokka 18 fekk politiet melding frå ein meldar som frykta promillekøyring på E39 like ved avkøyringa til Bringeland.

– Ei patrulje drog til staden, og der trefte dei på ein mann i 80-åra. Det synte seg raskt at det var same mann som hadde vorte både stoppa og politimeld tidlegare på dagen, seier Drange.

Måtte få med bilen heim

– Vart mannen spurt om kva som var årsaka til at han var ute på vegen att, trass i politimelding få timar før?

– Han forklarte at han var nøydd til å få med seg bilen heim, seier Drange, som ikkje fryktar at mannen skal setje seg bak rattet, iallfall ikkje på den same bilen, meir i kveld.

– Nei, bilen har fått motorhavari, så den kjem nok ingen stadar for eiga maskin, seier Drange.

– Kor vanleg er det at folk når å bli politimelde to gonger på same dag?

– Eg vil seie at det er heller uvanleg, seier Drange.

Reagerte på åtferda til føraren

Også tidlegare i dag måtte politiet rykkje ut til ein liknande situasjon, men denne bilføraren har førebels klart seg med ein køyretur i dag.

– I ettermiddag fekk vi melding om eit mindre trafikkuhell der meldar reagerte på føraren si åtferd. Politiet rykte ut og kontakta føraren, som var ein mann i 80-åra. Mannen hadde ikkje gyldig førarkort og vert politimeld for forholdet, seier Drange.