Hopp til innhold

Ei rekkje hemmelegstempla Fjord1-dokument gjort offentlege

I dag har fylkeskommunen lagt ut ei rekkje dokument i Fjord1-saka, som inntil no har vore hemmelege.

MF Selje og Tore Eriksen

INNSYN: Fleire dokument knytt til det omstridde Fjord1-salet er no lagt ut på Fylkeskommunen sine nettsider.

Foto: Rune Fossum / Arne Stubhaug / NRK

Det har vore svært mykje hemmeleghald rundt prosessen med sal av Fjord1. Etter pålegg frå fylkespolitikarane, har fylkesrådmann Tore Eriksen i dag lagt ut 29 dokument på nettsidene til fylkeskommunen. Trykk her for å sjå dokumenta.

Blant dokumenta er notat, brev, avtaletekstar og epostar, og det er eit omfattande materiale som fortel mykje om kva som låg bak då fylkestinget vedtok å selje Fjord1-aksjane til konkurrenten Torghatten. Eit sal som seinare blei avvist av Konkurransetilsynet, og saka enda med at medeigaren Havila fekk kjøpe aksjane.

Av dokumenta som no er lagt ut er mellom anna aksjekjøpsavtalen mellom Torghatten og Fylkeskommunen. Store delar av avtalen ligg no open, men punkt som til dømes omhandlar forkjøpsrett og korleis risikoen skulle fordelast mellom Torghatten og Fylkeskommunen er framleis sladda.

Fylkesrådmann Tore Eriksen har tidlegare fått massiv kritikk for at ein ikkje fekk innsyn i ei rekkje dokument i samband med Fjord1-salet. Avisa Firda fekk mellom anna tilsendt 43 sider med sladda dokument då dei søkte om innsyn i fleire av dokumenta.

I ei pressemelding skriv fylkesrådmannen måndag at dei har gått gjennom dokumenta i samarbeid med Torghatten. Bakgrunnen for mykje av hemmeleghaldet er at dokumenta inneheld konkurransesensitiv informasjon, og fordi ein ynskjer å sikre fylkeskommunen og andre sine verdiar.

Fylkeskommunen skal halde fram gjennomgangen av dokumenta, og vil legge dei ut fortløpande.