NRK Meny
Normal

Ei melding kan redde livet ditt i tunnelbrann

I ein tunnelbrann er det i stor grad opp til deg sjølv om du kjem deg ut. No er håpet at ei tekstmelding kan vere med på å redde livet ditt.

Brann i Skatestraumtunnelen

BRANN I SKATESTRAUMTUNNELEN: Brannen i Skatestraumstunnelen i Bremanger kommune er ein av fleire tunnelbrannar dei siste åra.

Foto: Linda Christin Lilleskare / NRK

Britt-Linda Klausen opplevde marerittet då ein lastebil tok til å brenne i Gudvangatunnelen

Tonning

PRØVEPERIODE: Jarle Tonning, leiar for brannfag i selskapet Nokas, håpar på å starte ein prøveperiode med systemet sitt i Oslofjord og Gudvangatunnelen.

Foto: MALVIN ERIKSEN / NRK

i 2013. Saman med 66 andre var ho langt inne i den over 11 kilometer lange tunnelen. Omkransa av kolsvart røyk visste ingen kor dei skulle gå for å komme seg ut.

– Folk sprang og skreik. Bilar kolliderte. Det var kaos og vi var fanga i tunnelen. Vi klarte ikkje å få kontakt med nokon, seier Klausen.

I snitt er det 25 tunnelbrannar årleg. Kaoset som fort kan oppstå i ein tunnel vil gründer Jarl Tonning gjere noko med. Han meiner ein kan bruke sim-kort for varsle og redde folk.

– Innan få sekund kan redningsmannskap og trafikksentralen få kjennskap til kor mange som er i tunnelen og nasjonalitet på desse. Då kan ein sende talemelding og sms på det språket sim-kortet er registrert på, seier Tonning, som er leiar for brannfag i selskapet Nokas.

  • Les også:

– Kommunikasjon har nesten vore fråverande

Det siste året har det vore fleire tunnelbrannar, men ingen har mista livet. Flaks, meiner risikorapport.

Behovet er stort når det gjeld informasjon ved hendingar som tunnelbrann, seier Rolf Mellum, som er avdelingsdirektør i Statens havarikommunisjon.

– Kommunikasjon til trafikantane har nesten vore fråverande. Spesielt ved Gundvangatunnelen i 2013.

Vegdirektoratet er positive til ny teknologi, men meiner samstundes ein må ha fleire måtar ein kan varsle på.

– Det er viktig at vi har system som alltid fungerer, men som også tek vare på dei som ikkje har mobilen med seg, seier Claus Kenneth Larsen, som er seksjonsleiar for tunnelseksjonen i Vegdirektoratet.

tunnelbrann i fjærlandstunnelen

BRANN I FJÆRLANDSTUNNELEN: I 2017 brant det i Fjærlandstunnelen i Sogn og Fjordane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Håpar på prøveperiode

Datatilsynet melder at redningsetatane kan få vite telefonnumrene til folk som trenger hjelp i krisesituasjonar.

Nokas BST håper på å starte ein prøveperiode med systemet sitt i Oslofjord og Gudvangatunnelen. I dag har ikkje sjåførar lov til å lese tekstmeldingar når ein køyrer. Jarl Tonning trur likevel sms-systemet vil fungere, også for stoppe folk på veg inn i tunnelen.

– Ein får det både som sms og talemelding. Er det fleire i bilen, så er det alltid nokon som kan sjå meldinga, seier Tonning.

Britt-Linda Klausen har kjent på kroppen korleis det er å vere i ein tunnel når det brenn.

– Då vi var fanga i tunnelen klarte vi ikkje å få kontakt med nokon. Eg ser berre fordelar med eit sånt system. Det einaste problemet kan vere personvernet, men i ein sånn situasjon er personvernet det siste ein tenker på, seier ho.

Fagleder Britt-Linda Klausen i barnevernet i Bodø

SER FORDELAR: Britt-Linda Klausen opplevde Gudvangatunnelen tett på. Ho ser fordelane med eit varslingssystem på mobilen.

Foto: Barbro Andersen / NRK
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.