NRK Meny
Normal

– Flaks at ingen har døydd i tunnelbrannar

Kvart år brenn det i snitt i 25 norske tunnelar. At ingen omkom i desse ulukkene er ein kombinasjon av flaks og godt arbeid, skriv naudetatane i ei risikovurdering dei har gjort av tunnelane i Sogn og Fjordane.

Skatestraumtunnelen og Gudvangatunnelen

TUNNELBRANN: Kvart år brenn det i fleire av landets 1130 tunnelar.

Foto: Montasje / NRK

– Ein brann i ein tunnel er ei kjempeutfordring. Det er stor fare for at mange kan omkome dersom dei er i ein tunnel som brenn, seier Haavard Stensvand som er fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane er saman med Hordaland dei to fylka i landet som har flest tunnelar. Totalt er det om lag 1130 vegtunnelar i Norge og kvart år vert det i snitt registrert 130
køyretøystopp, 25 brannar og 15 tilløp til brann.

– Normalt er det trygt å køyre i tunnel, men går det først gale så er det eit stort potensial for at det går ille, seier Stensvand.

Fleire alvorlege brannar

Dei seinare åra har Sogn og Fjordane vore råka av fleire store tunnelbrannar. I 2013 og 2015 brann det i Gudvangatunnelen. I 2015 brann ein tankbil lasta med bensin i Skatestraumen.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

STORT SKADEPOTENSIAL: Haavard Stensvand er fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

At ingen omkom i desse ulukkene er ein kombinasjon av flaks og godt arbeid skriv naudetatane i ei risikovurdering dei har gjort av tunnelane i Sogn og Fjordane. Fleire studiar som Statens vegvesen har gjort syner at trafikantar bruka for langt tid før dei tar til å evakuere.

– Vi har laga oss nokre ulike scenario for å konkretisere og eksemplifisere utfordringa knytt til å handtere ein tunnelbrann, seier Stensvand.

Eldre tunnelar

I tunnelfylket Sogn og Fjordane er mange av tunnelane både gamle og har eit stort vedlikehaldsetterslep. Det er òg mange lange tunnelar i fylket, mellom anna Lærdalstunnelen, som med sine 24,5 km er den lengste vegtunnelen i verda.

Riksveg 15 over Strynefjellet som har ei rekke eldre tunnelar er eit område som fylkesberedskapssjefen peikar på som utfordrande ved ein brann.

– Brannvesenet i Stryn vil fort bruke minste 30 minutt fram til dømes Grasdalstunnelen, seier Stensvand.

Dermed vil det kunne brenne svært lenge og det vil vere svært sterk røykutvikling før dei første brannmannskap kan vere på plass.

– Vi har og eit problem med at det ikkje er naudnett i tunnelen. I tillegg er det også utfordrande at tunnelen er så smal at store køyretøy må køyre midt i tunnelen med den auka faren for kollisjonar som det gir, seier Stensvand.

Skrekkscenario

Dei største konsekvensane er knytt til liv og helse. Og det fylkesberedskapssjefen fryktar aller mest er ein storbrann midt i turistsesongen, med mange personar i tunnelen.

– Skulle vi tenke oss at dette skjedde midt på sommaren med stor trafikk frå både cruiseskipsturistar og andre turistar. Med turistbussar i ein røykfylt tunnel, der det er langt til utgangen så kan folk verte alvorlege skadde, seier Stensvand.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå