Hopp til innhold

David ber davidsstjerna stolt på brystet no i påsken

FLEKKE (NRK): Påske er både ei kristen og jødisk høgtid. David von Huth i Flekke i Fjaler har feira begge variantane.

David von Huth

IKKJE RELIGIØS: David von Huth er ikkje religiøs, men ber likevel Davidstjerna.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

David von Huth kjenner godt til både dei kristne og dei jødiske påsketradisjonane. Attenåringen som for tida går på United World College i Fjaler har jødisk far og kristen mor.

I barndommen feira han difor både jødiske og kristne høgtider. Sjølv er han ikkje religiøs, men markerer likevel dei jødiske høgtidene. Jødisk påske eller pesach, fortel han, blir feira til minne om flukta frå Egypt.

– Namnet pesach kjem frå ei av landeplagene som det vert skrive om i Mosebøkene. I historia flaug dødsengelen forbi dei husa jødane budde i.

Meir religiøs

I år er dei to påskefeiringane nære kvarandre i tid. Den jødiske påskeaftan som markerer inngangen til pesach er i år på same dag som langfredag. Men ofte kan det vere eit par veker mellom feiringane.

Von Huth fortel at han opplever den jødiske påska som meir religiøs enn den tradisjonelle «norske påska» og forklarer at historia om jødane si flukt frå Egypt er ei sentral del av feiringa.

David von Huth ser utover stranda

VIKTIGE TRADISJONAR: David von Huth er ikkje religiøs, men synest likevel det er viktig å følge dei jødiske tradisjonane.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– Ifølgje tradisjonen skal den yngste sonen i huset spørje: Pappa, kvifor feirar vi pesach? Det er ei spanande forteljing, og då eg var liten gleda eg meg alltid til at pappa skulle fortelje det.

Sentralt i høgtida er også sedermåltidet, eit rituelt måltid som i Noreg blir ete første og andre kvelden av høgtida. Forstandar for Det Mosaiske Trussamfundet Ervin Kohn fortel at mange av dei jødiske påsketradisjonane har eit pedagogisk element ved seg.

– Det er viktig at dei yngre generasjonane lærer kvifor vi feirar pesach, difor er både sedermåltidet og andre tradisjonar pedagogisk bygd opp. Målet er at ein på ein måte skal oppleve utgangen av Egypt.

Sjekkar heile huset

I Toraen står det at brødet ikkje rakk å heve før flukta frå Egypt. Difor skal ein berre ete usyra brød og ugjæra mat på pesach. Krohn fortel at ein også skal bytte ut kjøkkenutstyr og reinske huset for usyra brød.

– Vi har eige kjøkkenutstyr til pesach. Og vi sjekkar heile huset, inkludert alle krikar, krokar og boksider etter brødsmular. Det skal ikkje vere syra brød nokon stad under pesachfeiringa. Så det blir ei skikkeleg vårreingjering.