Hopp til innhold

Bakterie skal beskytte oss mot sola

Eit stoff produsert av ein bakterie kan i framtida gi oss betre vern mot farlege strålar frå sola. Forskarar trur stoffet kan vere i bruk i solkremar om fem år.

Påskesol

I framtida kan stoff frå bakteriar beskytte oss mot farlege strålar frå påskesola.

Foto: Bård Røstad

Bakterien, som kan gi oss betre vern mot føflekkreft, har eigenskapar som er ettertrakta i både kosmetisk og medisinsk samanheng, fortel Trygve Brautaset, professor ved NTNU og prosjektleiar.

– Det er ikkje i bakterien, Mirococcus luteus, i seg sjølv som kan beskytte oss, men eit stoff bakterien produserer. Dette stoffet meiner me kan brukast i solkremar for å gi betre vern mot føflekkreft.

Det er såkalla UVblue-strålar bakterien kan beskytte oss mot. Strålar som kjem djupare ned i huda. I dag kan solkremane berre filtrere bort UVA- og UVB-strålar.

Cellene som produserer malignt melanom ligg djupt nede i huda. Når me solar oss er det dei langbølga UV-strålane som i størst grad kjem ned i dei djupare hudlaga.

– Dersom me klarar å hindre desse lysbølgene i å kome ned i huda vil det verke førebyggjande mot kreft og motverke rynker.

Ti år sidan

– For ti år sidan starta NTNU og SINTEF eit prosjekt. Me gjekk då ut i Trondheimsfjorden og leita etter bakteriar i overflatevatnet med dei rette eigenskapane. Me hadde på den tida eit samarbeid med eit firma som var opptekne av å utvikle det dei kalla framtidas solbeskyttarar.

Dette norske firmaet ville at forskarane skulle finne bakteriar som klarte å absorbere lys i bølgelengda mellom UV og synleg lys, fordi solkremar ikkje klarar å filtrere desse strålane.

– Me tok med oss prøvar til laboratoriet og leita målretta etter dei rette bakteriane.

Stoffet desse bakteriane produserer er ein naturleg solbeskyttar.

Vil ta fem år

Men det var ikkje berre å sette i gang med produksjon av stoffet.

– Bakterien me fann passa dårleg i eit laboratoriemiljø, men me klarte å fiske ut alle genane som inngår i produksjonen og flytta det over i ein annan bakterie.

I dag kan dei produsere ti gongar så mykje som då dei byrja med prosjektet.

– Det bør vere mogleg å produsere ein solkrem med dette stoffet innan fem år og få det ut på marknaden.