Hopp til innhold

Du kan framleis få pengar for ein sekk med boss

Tallause bossekkar har blitt fylt opp langs strendene i mange kommunar i Sogn og Fjordane dei siste vekene. No tryllar Fylkesmannen og Fylkeskommunen fram meir pengar, i håp om at den storstila ryddeaksjonen kan halde fram.

Store mengder plast på en strand på Landro-øyene utenfor Sotra, vest for Bergen.

RYDDEAKSJON: Over heile landet har det i vår blitt plukka

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Aksjonen har gått over all forventing, seier fylkessekretær Marit Bendz i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane.

For knapt ein månad sidan inviterte Naturvernforbundet, i samarbeid med Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, til ein strandryddedugnad. Ordninga gjel for kommunane som er tilknytt SUM, nemleg Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad, Jølster og Naustdal.

Tanken var enkel: For kva fulle sekk som blir fylt med boss frå strandsona får du 100 kroner.

– Bra at dei har brukt opp pengane

Sparebankstiftinga løyvde 30.000 kroner til ordninga, men i går skreiv Firda.no at pengane var brukt opp. Då klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal i fylkeskommunen las det, var ho rask med å få til ei løysing.

Ida-Beate Mølmesdal

GODT INITIATIV: Ida-Beate Mølmesdal har følgt med på panteprosjektet til Naturvernforbundet frå sidelinja. No har Fylkeskommunen og Fylkesmannen løyvd pengar for å støtte initiativet.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Det er jo synd at dei har brukt opp pengane, men også kjempebra. Det betyr at det er veldig mange som har engasjert seg og rydda boss langs strender, elver og vatn, seier ho til NRK.no.

Ifølgje Firda vil Sparebankstiftinga evaluere prosjektet, før dei eventuelt løyver meir pengar. I mellomtida har Fylkesmannen og Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane løyvd 30.000 kroner.

– Konsekvensane av plast i havet har kome meir på dagsorden den siste tida, noko som truleg har bidrege til at fleire engasjerer seg i å halde naturen fri for avfall. Vi håper at midlane frå oss kan bidra til at prosjektet ikkje mister moment, og at innbyggjarane held fram det positive arbeidet, seier fylkesmiljøvernsjef Nils- Erling Yndesdal hos Fylkesmannen.

Open for at andre kan ta over stafettpinnen

Bendz i Naturvernforbundet seier det også tidlegare har blitt rydda boss langs strendene, men at ordninga med ein 100-lapp per sekk kan ha vore eit lite spark. Mølmesdal i Sogn og Fjordane fylkeskommune trur den vesle økonomiske gulrota har fått endå fleire til å ta eit tak for miljøet.

– Eg vil nok tru at det at ein får 100 kroner per sekk har bidrege til at ein del som ikkje ville ha gjort dette, likevel har rydda i fjæra.

Til no har altså Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane bidrege med 30.000 kroner, medan Fylkesmannen og Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har spleisa på å løyve 30.000 kroner.

Marit Bendz i Naturvernforbundet har ikkje fått signal frå andre som vil spytte inn pengar i potten.

– Vi har ikkje høyrt noko, men det er berre å ta kontakt, seier ho.

– Det hadde vore kjempeflott om fleire ville bidra, seier Mølmesdal i fylkeskommunen.