Hopp til innhold

Du grøne, glitrande... plasttre?

FØRDE (NRK): Kva er mest populært i år, kunstig eller ekte juletre? Både seljarar og kjøparar er ueinige.

Juletre selgar Vegard Eriksen foran juletrea

TRAVELT: Jultreseljar Vegard Eriksen har nok å gjere sjølv om mange vel kunstig juletre.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Det har gått litt nedover med salet dei siste åra, seier Vegard Eriksen. Han sel juletre i Førde sentrum, noko han har gjort i fleire år. Eriksen seier at salet går bra i år òg, men dei merkar at mange vel kunstige juletre.

– Me kan ikkje rekne med lenger at alle vil ha ekte juletre. Men likevel så har me snart seld ut det lageret med tre som me har, så det grå framleis bra.

Vegard Eriksen viser fram juletre
Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Sjølv trur han at dei som framleis kjøper ekte tre gjer det mykje grunna tradisjonar.

– Det er jo ofte det ein har vakse opp med, og det er jo ei spesiell lukt og sjarm med eit ekte juletre.

Trur kunstig er på veg ut

Eit stykke unna utsalet til Vegard Eriksen står juletreseljar Dan Mikal Ripe Frøystad. Han har ei litt anna erfaring.

– Både her i Førde og på Sandane har me seld meir enn forventa, seier Frøystad.

Han trur ikkje at dei kunstige juletrea er førstevalet til sunnfjordingane.

– Eg trur kanskje folk har byrja å gå litt bort frå kunstige juletre. No på laurdag så såg me i alle fall at me selde dobbelt så mykje som det me hadde trudd, seier Frøystad.

Dan Mikal Frøystad foran juletre

IKKJE UROA: Dan Mikal Frøystad trur ikkje kunstige juletre kan danke ut ekte vare.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Kunstig er mindre styr, men ekte er tradisjon

Men kva vel folk i Førde, plastikk eller ekte barnåler? På Europris i Førde seier dei tilsette at dei sel svært mange plastjuletre, men kundane er delte på kva dei skal velje.

Katrine Aukan:

Katrine Aukan på Europris
Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Eg skal ha kunstig juletre. Eigentleg er eg vand med å hogge eige juletre, men dei siste åra har eg hatt kunstig fordi fleire i familien har astma.

Toril Erdal:

Toril Erdal
Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Eg skal ha ekte juletre, i år òg. Me har eigen skog så då synest eg det kjekt å hogge sjølv.

Atle Wolff og Rungkarn Wolff:

Atle Wolff og Rungkarn Wolff
Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Me bruker å ha kunstig juletre. Me har familiemedlem som er allergiske mot ekte juletre, så då må me ha kunstig i staden.

Jeanette Hauglum:

Jeanette Hauglum
Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Eg har ekte juletre. Det er rett og slett tradisjon, og eg synest det er sjarm og drive å styre litt med ordentlege tre.

Anne Reither og Dennis Potornai:

Anna Reither og Dennis Potornai
Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Me skal ha kunstig juletre i år. Då får me juletreet heilt perfekt, og slepp å bruke tid på å finne eit fint på juletreutsalet.