NRK Meny
Normal

Dronning Sonja får kritikk for gondolutsegn

– Vi burde hatt mange, mange fleire gondolbaner rundt omkring i landet, sa dronning Sonja då ho opna gondolbana i Loen laurdag. Det får ho kritikk for frå fleire hald.

Loen skylift

IMPONERT: Dronning Sonja opna den nye gondolbana i Loen i Nordfjord laurdag.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Dronning Sonja var tydeleg imponert då ho laurdag opna «Loen Skylift», som er ein av verdas brattaste gondolbaner. Frå toppen kunne ho sjå mange av fjella ho har gått i Nordfjord.

– Vi burde hatt mange, mange fleire rundt omkring i landet, slik at folk som kanskje har litt vanskar med å gå, kan komme opp og få oppleve noko av alt det flotte vi no ser rundt oss her, sa dronning Sonja til NRK.

Loen skylift

FJELLDRONNING: Dronning Sonja kunne sjå fleire av fjelltoppane ho har gått i Nordfjord.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Utsegnene om «mange, mange fleire» gondolbaner får både Naturvernforbundet og Den Norske Turistforening (DNT) til å reagere.

– Dette høyrdest litt skremmande ut. Eg håpar ho ikkje legg veldig mange i dette. Det er klart ei grense for kor mange gondolbaner vi kan ha, utan at det vil prege kva som er vår oppleving og verdsetjing av fjellnaturen. Gleda ved den enkle friluftskulturen i Norge er å bevege seg til fots, seier rådgjevar Christian Børs Lind i Naturvernforbundet.

Han seier Norge som fjell-land og som merkevare og reiselivsprodukt handlar i stor grad av urørt natur.

– Behovet for at funksjonshemma skal komme seg til fjells er legitim. Men Norge må vere restriktive og passe på at dette ikkje sklir ut, seier Børs Lind.

Kommunikasjonsdirektør Sven Gj. Gjerulfsen seier Slottet ikkje ynskjer å kommentere kritikken.

Hoven Loen

HØGT: Den nye gondolbana tek folk til fjells i løpet av fem minuttar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Kritiske

Også Den Norske Turistforening (DNT), som dronninga er æresmedlem i, er kritisk til utsegnene.

– Mange fleire gondolbaner på norske fjell er ikkje ei ønska utvikling for norsk natur, seier kommunikasjonssjef Mette Habberstad.

Ho seier at reiseliv er satsingsområde for Norge, og at årsaka er urørt og storslegen natur.

– Norge har ein veldig sterk friluftstradisjon som vi skal vere stolte av. Det handlar om å oppleve naturen for eiga maskin. Dette gir både glede og helsegevinst.

Dronninga peika på at fleire med dårleg helse kan kome seg på fjellet med fleire gondolbaner.

– Det ser vi absolutt at kan ha noko føre seg, derfor ønskjer vi ikkje å kategorisk avvise all utvikling. Men vi meiner at det berre må vere rom for gondolbaner i enkelte tilfelle, seier Habberstad.

Loen skylift

IMPONERT: Dronninga Sonja under opninga laurdag.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Flott tilbod

Dronning Sonja fekk spørsmål frå NRK sin reporter om ikkje gondolar er omdiskutert.

– Eg er positiv til dette. For då er den storslegne naturen meir tilgjengeleg. Turistskip kjem inn fjorden her og kan sende turistane opp hit. Eit utruleg flott tilbod som ikkje finst nokon annan stad i verda, sa dronninga.

– Eg blir litt overraska over at ho er utan atterhald. Sjølv om vi elles er veldig glad for dronninga sitt engasjement for norsk friluftsliv, seier Børs Lind i Naturvernforbundet.

Loen skylift
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå