Politiførstebetjent Dag Øyen i Førde seier at vidare etterforsking vert vurdert etter at obduksjonsrapporten no er klar.
- Dødsårsaka er ein fleirorgansvikt som følgje av ein sjukehusinfeksjon, seier Øyen.
Lettare skadd
Det var i midten av april i år at den 34 år gamle mannen frå Gulen vart lettare skadd i ei motorsykkelulukke og send til sentralsjukehuset i Førde. Under sjukehusopphaldet klaga han over smerter i kroppen, og vart etter tre dagar send til Haukeland universitetssykehus i Bergen. Der døydde mannen etter kort tid. Obduksjonsrapporten seier at det var bakterien beta-hemolystiske streptokokkar gruppe A (eller gruppe A-streptokokkar, GAS) som forårsaka infeksjonen.
Ser på kva som skjedde
Eitt av spørsmåla som blir stilt i ettertid er om noko kunne ha vore gjort annleis. Overlege på ortopedisk avdeling, Svenning i Lida, er legen som behandla mannen. Han seier det er mange på avdelinga som har anklaga seg sjølve.
- Viss vi hadde vore tidlegare ute med anitibiotika kunne forløpet kanskje vore annleis, seier i Lida.
- Men då er spørsmålet kor mange som skal ha antibiotika. Skal alle ha det?
Legane har strenge restriksjonar for når dei skal kunne gje antibiotika til pasientar.