Medan Elde var inne på ein av dei mange transportable ute-doane i Kalvåg, vart nemleg doen henta og køyrd bort med truck.
- Eg følte at vi var i bevegelse, både doen og eg. Så tenkte eg på kva som kunne skje om doen velta; eg ilag med innhaldet av doen etter eit stort arrangement, seier Elde.
- Eg ser ei hand!
Elde seier han følte at både han sjølv og doen kom over i ein slags vektlaus tilstand, så han prøvde å komme seg ut.
- Eg prøvde å opne døra, men det gjekk ikkje. Det var heilt umogleg å få opp døra. Til slutt klarte eg å få handa ut gjennom øvste delen av døra ved å trykke så hardt at dørbladet gav etter. Då høyrde eg nokon ute sa: Eg ser ei hand!
Ivrig dugnadsmann
Velberga ute i frisk luft vart Svein Elde møtt av ein stor truck og ein svært så overraska, men kanskje litt for overivrig dugnadsmann og truckførar, Håvard Fjellsende.
- Vi skulle samle saman alle toaletta. Eg såg ikkje noko særleg med folk der, så eg tok doen på gaffelen og løfta opp. Så kom det nokre damer gåande. Eg sa til dei på gøy: Håpar det ikkje sat nokon der, seier Fjellsende.
Trudde dei tulla
Damene peika då på toalettet som han hadde på gaffelen. Dei sa at det sat ein mann der.
- Eg trudde dei berre tulla. Men så såg eg ei hand som vinka, og då fekk eg sett ned toalettet igjen, seier Elde.
- Så du gjorde ikkje dette med vilje?
- Nei, hadde eg visst at det sat ein mann der, så hadde lete toalettet stått til det var tomt, humrar Fjellsende.