Hopp til innhold

Dømt for 37 ulike lovbrot – det blir mannens tiande dom

Ein mann i 20-åra må 8 månader i fengsel for nesten 40 ulike hendingar. Blant anna er han dømt for rus, tjuveri, vald og utskjelling av politiet.

Domstol

DØMT: Mannen var sikta for 39 lovbrot, og blir dømt for 37 av dei.

Foto: Illustrasjon

Mannen som tidlegare er dømt ni gonger, har i perioden mellom november i 2015 og juni 2017 utført nesten 40 lovbrot, som han no er dømt for i Sogn og Fjordane tingrett.

Han har samtykka til tilståingsdom for desse forholda. Han må sitte inne i åtte månader, og betale ei bot på 5000 kroner. I tillegg får han aldri lov å ta førarkortet.

Rus, tjuveri, vald og skjellsord

Over 20 ulike menneske har meldt mannen til politiet, og han var sikta for 39 ulike forhold. Retten dømmer han for 37 av dei. Lovbrota går ut på køyring i rusa tilstand, tjuveri, vald med meir.

Fire gonger skal mannen ha teke imot og brukt gjenstandar som retten seier han visste eller burde ha visst at var stolne. Mellom anna nøkkelkort til eit hotellrom i Bergen, og ein el-sykkel som nokon hadde teke frå ei kvinne.

Han blir også dømt for eit tilfelle av hærverk, då han prøvde å rive ned ein videokanon frå taket på ein rettssal i Bergen. Då blei fleire takplater i rettssalen øydelagt og mannen drog med seg leidningar til nettverk, straum og brannalarm.

Mannen skal ved fleire høve ha oppbevart, sendt eller overdratt ulike narkotiske stoff. I leilegheita si har han hatt mellom anna 10 Subutex, til saman 8,37 gram amfetamin, 0,28 gram hasj og 10 Rivotril-tablettar.

Fleire gonger er mannen teke for køyring i rusa tilstand. Alle gongane i ulike bilar. I november i 2015 blei han teken då han køyrde i amfetaminrus. Då tilsvara tilstanden hans ei promille på 1,2.

Han har stole gjenstandar ved ulike høve. Mellom anna ein iPad, syklar, postkassar og varer frå butikkar. I tillegg skal mannen ha kjøpt telefonabonnement med opplysningane frå eit studentkort som ikkje høyrde til han, slik at rekninga kom til nokon andre. Han skal også ha forsøkt å kjøpe ein TV i nokon andre sitt namn.

Han blir også dømt for eitt tilfelle der mannen skal ha teke kvelartak på ei kvinne. Han har også skjelt ut politifolk ved to høve, då dei skulle kontrollar og arrestasjonar, og kalla dei stygge namn.