Hopp til innhold

Sunnfjording må i fengsel for vald og trugslar

Ein sunnfjording er dømt til fengsel i nesten to år etter gjentatte valdshendingar, rus og for å snike seg inn i hus utan lov.

rettsal
Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen skal ha mishandla sin tidlegare sambuar over fleire år medan dei framleis var saman. Også etter forholdet tok slutt skal sunnfjordingen ha utøvd vald mot både henne og far hennar.

I 2015 skal mannen ha teke seg inn i huset til den tidlegare sambuaren midt på natta utan lov. Då far til kvinna dukka opp etter ei oppringing frå dottera, skal mannen ha slått han fleire gonger med kosteskaft, i tillegg til å bite og ta kvelartak på han. Den same kvelden skal han også ha slått, bite og dratt i håret til kvinna som budde i huset.

Mannen har ikkje sagt seg skuldig i å ta seg inn i huset utan lov, men innrømte straffskuld eller delvis straffskuld på ei rekke andre punkt.

Han innrømmer heilt eller delvis fleire av valdsepisodane både mot ekskjærasten og far hennar. I tillegg er mannen dømt for trugslar mot begge dei to og ungane han og kvinna har saman. Han er også dømt for er også brukt av narkotikastoffa klonazepam og THC.

Fleire vitna mot mannen i Sogn og Fjordane tingrett, og han er dømt til fengsel i eit år og ti månader. I tillegg må han betale erstatning til kvinna på 160.000 kroner, og 120.000 kroner til far hennar.