– Vi set no opp fleire produksjonsliner og automatiserer dei, slik at det skal gå raskare. Då kan vi ta i mot større båtar og losse dei fortare, seier Sverre Søraa, som er administrerande direktør i Coast Seafood.
Bakgrunnen for investeringa er at dei har leigd nabofabrikken, Brødrene Myhre, og dermed fått langt større innfrysingskapasitet.
– Då vart naudsynt for oss å både modernisere, men og auke kapasiteten på eigen fabrikk, seier Søraa.
Dobling
I høgsesongen jobbar det i dag om lag kring 25 personar Måløy Seafood. Produksjonen har lege på kring 7500 tonn makrell, målet no er 15 000 tonn. Ei dobling av kapasiteten betyr og fleire arbeidsplassar.
– Med den utbygging vi no er i ferd med å gjere så treng vi nok fem–seks–sju nye tilsette, seier Søraa.
Travelt
15. august startar makrellsesongen, og målet er at dei nyoppussa fabrikklokala då skal vere klare.
– No jobbar vi på spreng for å bli ferdige til midten av august, når sesongen startar igjen, seier Søraa