Hopp til innhold

Diktstafetten er ferdig - manglar berre tittelen

Stafettpinnen er overlevert for siste gong i diktstaffetten. 52 strofer frå 52 ulike bidragsytarar vart resultatet. Men om det er Noregs lengste dikt er heller uvisst.

Diktstafett

52 STROFER: Idar Stegane, professor i litteratur fekk æra av å avslutte diktstafetten. Nest siste strofe har fylkesordførar Åshild Kjelsnes laga.

Foto: Ausevikas venner/skjermdump: skrivelaget.com

– Det er ganske langt, men eg veit ikkje om det er det lengste diktet. Uansett har vi fått eit utruleg vakkert dikt med mange flotte strofer, seier Synnøve Herstad i Ausevikas venner.

Det var under Bergkunstdagen i Ausevik i Flora i september i fjor at bergkunstvener og skriveentusiastar sette i gong ein diktstafett. Folk frå heile Sogn og Fjordane vart invitert til å delta og vere med å prøve å skape Noregs lengste dikt.

Diktet skulle vere ferdig til sola kom att til helleristningsfeltet. No er sola tilbake og diktstafetten avslutta.

– Folk vart oppmoda til å skrive om samtid og politikk og slikt, men dei heldt fram med å skrive om naturen, livet og kjærleiken, noko som vart veldig fint og det er ein fin raud tråd i diktet, seier Herstad.

HER KAN DU LESE ALLE DEI 52 STROFENE FRÅ DIKTSTAFETTEN

Dikt på fylkesturne

Synnøve Herstad og Bengt Solheim-Olsen

FRÅ DEN EINE..: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen var ein av dei første som fekk stafettpinnen. Her saman med Synnøve Herstad i Ausevikas venner.

Foto: Privat

Stafettpinnen har vore innom mange ulike skrivehender. Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen var blant dei første som kom med sitt bidrag til diktet. Nest siste strofe har fylkesordføraren Åshild Kjelsnes kome med.

– Diktet har vore i Nordfjord, Sunnfjord og i Sogn. Vi er ikkje misfornøgd, men stolt og glad over at så mange har vore med å kome med bidrag. Om vi ikkje har fått til det lengste diktet, så har vi i alle fall fått eit veldig flott dikt tileigna Helleristningane i Ausevika.

Treng no tittelforslag

Idar Stegane, professor i litteratur, har tidlegare sagt til NRK at det er vanskeleg å seie kva som i dag er Noregs lengste dikt. «Håvamål» har mellom anna 164 strofer. Av nyare dato har Øyvind Rimbereid skrive fleire langdikt, som «Solaris Korrigert» på heile 800 vers.

Sjølv om dei ikkje kan skilte med Noregs lengste dikt, er dei som sette i gong det heile godt fornøgd. No manglar dei berre ein god tittel.

– Diktet har jo ikkje fått noko namn enda. Så då kjem vi med ei ny utfordring til folk i Sogn og Fjordane om å kome med ein god tittel på diktet.