Hopp til innhold

Med ordføraren på laget vil dei lage Norges lengste dikt

Målet og vegen fram er klar. Omfanget på det Sogn og Fjordane Skrivelag og Ausevikas venner har sett i gang, er derimot ukjent. No vil dei lage Norges lengste dikt.

Synnøve Herstad og Bengt Solheim-Olsen

DIKTAR: Synnøve Herstad og Bengt Solheim-Olsen (t.h.), her under eit arrangement i Ausevika i sommar.

Foto: Privat

Skriveglade fylkesentusiastar er i desse tider i ferd med å lage det som dei håpar skal bli Norges lengste dikt.

Den lyriske stafettpinnen byrja vandringa i september, og skal gå frå utfordrar til utfordrar fram til februar.

– Vi har kring 30 strofer til no, men vi veit ikkje heilt kva målet er – kor langt vi må dikte, seier Anne Marie Baugstø-Hartvigsen i Sogn og Fjordane Skrivelag.

Ordføraren dikta

Dei har fått med Ausevikas venner på laget, og den lyriske rekordjakta starta med Kjartan Hatløy si fem liner lange strofe. Han sende pinnen til Edvin Helgheim som nøsta vidare på utgangspunktet. Sidan har det gått slag i slag. No er det 37 strofer.

– Så fekk vi ei flott strofe frå ordføraren, smiler Synnøve Herstad i Ausevikas Venner om den femte strofa.

Den høyrer til Bengt Solheim-Olsen (H) som på strak arm tok utfordringa og bytta ordførarklubba med pennen.

– Det er ikkje mange dikt eg har skrive, men denne utfordringa kunne eg ikkje takke nei til, humrar han.

– Det heng saman

– Det var veldig kjekt. Eg måtte sjå kva stemning som var forsøkt skapt i dei første strofene, og prøve å fortelje historia vidare. Når ein les strofene som kjem etter meg, så heng det på mange måtar saman, legg ordføraren til.

Synnøve Herstad

STAFETT: Synnøve Herstad i Ausevikas venner skreiv sjølv den fjerde strofa i diktet, og var den som utfordra ordførar Bengt Solheim-Olsen i Flora.

Foto: Privat

Herstad seier målet med diktinga ikkje berre er å setje rekord, men at strofene skal spegle over mot dagens realitetar.

– Difor oppmodar vi poetar om å komme med synspunkt på dette. Å gi uttrykk for det fantastiske fylket vi bur i. For det er eit fantastisk fylke, seier ho.

Politiske sleivspark

Raskt forklart skal ei strofe starte med eit ord eller setning som strofa før slutta med. Herstad seier det til no har handla mykje om natur, jakt og steinalder. Ho seier det ikkje er noko i mot å dra inn element frå notida.

Det er Baugstø-Hartvigsen samd i.

– Ein skal ikkje vere redd for å vere kontroversiell. Kom med politiske sleivspark eller andre dagsaktuelle ting, er oppmodinga hennar.

Blir presentert

Diktstafetten kan følgjast på skrivelaget sine nettsider. Her kan ein også lese diktet. Det ferdige produktet blir presentert under eit solfest-arrangement i Ausevika i februar.

Herstad meiner helleristingar og dikting er ei naturleg kopling.

– Dikting høyrer til menneske frå byrjinga av. Helleristingane i Ausevika er datert til 4.000 år før Kristus, altså 6.000 år sidan. Vi trur Ausevika har vore åstad for kunst og kultur, og vi veit at sjamanar og steinalderfolket brukte rytmiske dikt til å komme i kontakt med åndene i naturen, som dei trudde på då, seier ho.

Treng tempo

Så spørst det kor mange strofer det ferdige diktet vil ha.

Den siste utfordringa gjekk frå Eli Bjørhusdal til Lena Skjerdal 1. desember.

– Vi oppmodar folk om ta i mot den pinnen, og sende tilbake eit dikt så snart som mogleg, og å sende pinnen vidare. Får vi opp tempoet, så får vi inn flest mogleg strofer, avsluttar Baugstø-Hartvigsen.