Hopp til innhold

Difor vraka han norske klubbar for «Bajen»

Mats Solheim (29) takka nei til fleire norske klubbar, for å halde fram proffeventyret i Sverige.

Mats Solheim

STEMNING: Mats Solheim stortrivast med Hammarby. – Mellom 20.000 og 30.000 tilskodarar gir god stemning, men vi kan også få dei i mot oss. Slik som då vi tapte for nedrykksklare Halmstad i sesongavslutninga, seier han.

Foto: Thérese Ny/TT / TT NYHETSBYRÅN

– Ein må nyte det medan ein kan, seier Hammarby sin populære norske venstreback.

Takka nei til norske klubbar

Mats Solheim rundar 30 år i desember. Før han kom heim til Loen etter serieavslutninga i Allsvenskan, signerte han like godt ein ny treårskontrakt med «Bajen».

Sjølv om to-tre norske klubbar ynskte å hente han heim til eliteserien.

– Altså, vi har fundert på å reise heim att, men totalpakken no gjorde at eg bestemte meg tidleg for å signere. Då Hammarby ville ha meg med vidare, så kjendest det sikkert og bra ut med tanke på at det har vore tre så fine år der, seier 29-åringen.

– Heilt fantastisk

Solheim reiste frå Sogndal etter 2011-sesongen, men har saman med sambuaren og sonen på 14 månader slått seg til ro i nabolandet i aust.

Først tre sesongar med Kalmar, så fire mil lenger nord i Sverige, i Stockholm.

– Det er ein periode eg vil tenkje tilbake på kvar dag når eg er ferdig med fotballen. Det å spele for eit slikt publikum og slike storkampar er kanskje noko ikkje så mange andre får moglegheit til, seier Solheim.

Høgast snitt

– Det er nokre år sidan eg sist spelte i Norge, men kan vanskeleg sjå at det er like god stemning på norske stadion, seier han. Du høyrer det godt når brorbarten av mellom 20.000 og 30.000 tilskodarar røystar i «Just i dag är jag stark» til innmarsjen på heimebane.

Med 22.137 tilskodarar har Hammarby høgast snitt i Allsvenskan. Til samanlikning har Rosenborg høgast snitt i Eliteserien. Sogndal har 3.222.

– Ramma, interessa og publikum er heilt fantastisk. No vil klubben satse endå høgare mot toppen. Det er snakk om nytt klubbhus og nytt kunstgras. Det hadde vore både interessant og kjekt å få vere med på den reisa, seier Solheim.

Klubben satsar

Hammarby enda på 9.-plass i serien, den beste plasseringa på ti år for klubben som i 2001 vann både cup- og seriemeisterskap.

– Både vi spelarane og klubben ynskjer å vere med i toppen etter kvart. Og så trivast eg å spele litt under press og krav, seier han og siktar både til supporterar og klubb.

– Men kva hadde vore realistisk å komme heim att til?

– No fyller eg 30 år i desember, og dei aller beste klubbane hentar vel yngre spelarar eller i alle fall betre 30-åringar enn det eg har på merittlista mi, humrar han.

Etter ein roleg ferie i Loen returnerer familien tilbake til Stockholm i dag. Der ventar fysiske testar og tre treningsveker med laget. Over nyttår startar sesongoppkøyringa.

Laster innhold, vennligst vent..