Hopp til innhold

Solheim fekk sus over debuten

Eitt år etter at han kom til Kalmar, fekk Mats Solheim (24) draumedebuten i Allsvenskan. – Dagen i går var ekstra spesiell, vedgår stryningen.

Mats Solheim og Måns Söderqvist feirar siger

JUBEL: Mats Solheim, med Måns Söderqvist i armane, la på til 2–0 etter berre fem minuttar på bana i debuten sin for Kalmar.

Foto: JONAS EKSTRÖMER / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

Laster innhold, vennligst vent..

Ein korsbandskade sette den tidlegare Sogndal-spelaren ut av spel heile fjorårssesongen.

Borte mot Syrianska var kampen 52 minuttar gamal då Mats Solheim entra bana som erstattar for skadde Paulus Arajuuri. Fem minuttar seinare låg ballen i nettmaskene.

– Eg kom meg fri på ein corner og fekk heada ballen på ein merkeleg måte i bakken og forbi keeper. For å vere ærleg, så var det litt tilfeldig kvar den enda, ler 24-åringen dagen deretter.

– Ekstra spesielt

– Ballen duppa og kom så fort at eg måtte langt ned for å heade den. Så det var berre å få den mot mål, forklarar han og vedgår at det likevel var ei stor lette og ikkje minst god kjensle å sjå ballen gå i mål.

Etter sesongslutt 2011 reiste høgrebacken til Sverige for å prøve lukka i Kalmar . Allereie februar året etter var skademarerittet eit faktum . Vegen tilbake etter korsbandskaden var fullført med debuten søndag.

– Det er klart at når det er så lenge sidan du har spelt fotball, så er det ekstra herleg å komme innpå og til og med score mål. Det er ekstra spesielt, seier han.

– Sterkt resultat

Solheim sat på benken i serieavslutninga i fjor. Då var det for tidleg å entre bana. I sesongoppkøyringa har stryningen fått mykje speletid, men av taktiske årsaker valde trenar Nanne Bergstrand å plassere Solheim på benken mot Syrianska.

Kalmar vann 3–0 etter scoringar ved Måns Söderqvist og Jonathan McDonald. Solheim stod for den andre scoringa.

– Dei er sterke på heimebane, så dette var eit godt resultat for vår del. Held det fram som dette, så bør det vere mogeleg å forbetre 10.-plassen frå i fjor, seier han.

Hadde litt nervar

– Korleis stod det til med nervane før du skulle innpå i din første Allsvenskan-kamp?

– Klart det var spesielt etter så lang tid, men så har eg vore med så pass lenge på slikt nivå at nervane hadde det heilt fint. Litt nervar var det jo, men eg skulle inn å gjere ein jobb, å sikre at vi vann kampen.

Kamp om plassen

Stryningen fortel at det er hard kamp om backplassen i den svenske klubben.

I Sogndal vart Solheim nytta i fleire posisjonar, men han vedgår at det er på høgreback han trivast best.

– Vi er tre-fire spelarar som kan spele høgreback. Så kampen om å spele er hard. Men slikt er berre bra. Det hevar nivået på treningane og gjer oss meir på «tå-hev» og skjerpa, seier han.

– Kjedeleg men naudsynt

Vegen tilbake etter korsbandskaden har vore lang og hard, men 24-åringen seier han berre har hatt eitt mål for augo; å spele fotball att.

– Det har vore mykje kjedeleg, men naudsynt trening. I starten var det å sitje i ro og ikkje røre på kneet, så har eg sakte men sikkert tatt steg for steg. Så litt bevegelse, litt vekter, litt jogging og så fotball, fortel stryningen som søndag spelte sin første obligatoriske kamp – eitt år etter at han kom til Kalmar.