Hopp til innhold

– Det er fullt mogleg å oppretthalde lokalsjukehusa

– Det er fullt mogleg å oppretthalde lokalsjukehusa, men dei må ha ulike arbeidsoppgåver, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Video Jens Stoltenberg på oppsummerende pressekonferanse

- Eg kan godt tenkje meg at vi opprettheld lokalsjukehusa, og det er vi veldig for at vi skal gjere - med den føresetnaden at ein får til ei fornuftig arbeidsfordeling mellom sjukehusa, og at ulike sjukehus gjer ulike ting, sa Stoltenberg.

Viste til gode lokalsjukehus

Spørsmål kring framtida for sjukehusa prega pressekonferansen, der Statsministeren tysdag skulle oppsummere året.

Stoltenberg har tidlegare ikkje vore tydeleg på kva han meiner om lokalsjukehusa.

- Vi har til dømes gode eksempel på lokalsjukehus langt frå sentrale strok i landet, som er veldig spesialiserte på nokre typer tenestr - og som gjer det veldig bra, poengterte han.

- Alle kan ikkje gjere alt

Samstundes er statsministeren klar på at helse-Norge må vere open for endringar:

- Vi kan ikkje oppretthalde ein sjukehusstruktur der alle gjer alt. Då vil få få ein dårleg kvalitet, seier Stoltenberg.

LES OGSÅ: