Born skal syngje for truga sjukehus

600 born og voksen i åtte bygder har meldt seg på til å kjempe for lokalsjukehusa på Lucia-dagen.

Janne Endal Andersson

LÅGMÆLT PROTEST: Janne Endal Andersson vil nå fram til hjartet til helseministeren.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Nedbyggingsplanane vekkjer så sterke kjensler at born og julesong blir brukt for å påverke politikarane.

Vil redde sjukehuset

Fem år gamle Lukas på Nordfjordeid er ein av mange skal synge på måndag.

– Eg skal redde sjukehuset, fortel han.

Var det opp til han, ville sjukehuset på Nordfjordeid få vera som det er. Måndag skal han og mange andre gå i gatene over heile Nordfjord med tende ljos og synge nettopp «Det lyser i stille grender» for sjukehuset sitt.

– Vi har sett igang ein lågmælt protest mot det som skjer med Nordfjord sjukehus, seier primus motor for aksjonen, Janne Endal Andersson.

Borna må ta konsekvensane

Ho arbeider med å spreie markeringa til fleire stader i landet. Andersen presiserer at aksjonen er utan politiske appellar eller direkte politisk bodskap.

– Det bur tusenvis av ungar i denne fjorden her, og det er dei og vi som må ta konsekvensane av dei vala som vert tekne.

Vil nå fram til hjartet

Helseminister Anne Grete Strøm Eriksen vart bua ut under ein demonstrasjon i Oslo førre måndag. Då markerte meir enn 1000 personar motstand mot planane om å byggje ned lokalt helsetilbod i mange bygder.

Ei veke seinare er det tende ljos og barnesong som skal gjera inntrykk på helseministeren. Og ho er personleg invitert til markeringa på Eid.

– Dette er ei mor som snakkar frå hjartet og som vil nå fram til hjartet til Anne-Grete.

Men helseministeren har takka nei til å komme på markeringa.

– Vi inviterte henne då vi høyrde at ho skulle vere i Volda og Ålesund mandag, men ho hadde ikkje høve til å komme, seier ho.

Andersson vurderer å reise til Volda for å overrekkje statsråden sju kvite lys. Eit for kvar av kommunane i Nordfjord.

– Uproblematisk å blande born og politikk

Jannicke Henden Hagen

BLIR MED PÅ MARKERINGA: Fembornsmor Jannicke Henden Hagen tykkjer ikkje det er problematisk å blande born, juletid og politikk.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Fembornsmor Jannicke Hagen Henden skal delta i markeringa måndag. Ho tykkjer ikkje det er problematisk å blande born, juletid og politikk.

– Det viser kor sterke kjensler vi har for lokalsjukehuset vårt. Vi ønskjer å gå så langt at vi brukar julesongane våre. Vi er inne i ei tid med advent og vi er i ei tid der dei ønskjer å gjere endringar på sjukehuset vårt. Då er det heilt naturleg for å nytte anledningen

Vil køyre sjukehuset tilbake

Og Lukas på 5 har planen klar dersom nokon skulle leggje ned sjukehuset på Eid.

– Då hadde eg teke ein lastebil og køyrt det tilbake.