Hopp til innhold

Dette kan vere framtidas lastebil

STRYN (NRK): Allereie om to til tre år kan ein elektrisk lastebil køyre på vegane her i fylket, men korleis den vil sjå ut er framleis i uvisse.

Tenden

KAN SJÅ SLIK UT: Lastebil.no har laga denne versjonen som modell for korleis den elektriske lastebilen kan sjå ut.

Foto: lastebil.no

– Den liknar ein amerikansk bubil, så vi er spente på korleis den skandinaviske versjonen ser ut, seier dagleg leiar i Thor Tenden Transport AS i Stryn, Rolf Olav Tenden.

Tenden er ein av dei første i Noreg som har reservert ein versjon av den elektriske lastebilen Nikola One. Med det kan Tenden Transport gå elektrifiserte tider i møte.

Det var lastebil.no som først omtalte saka.

Om to til tre år er truleg lastebilen ferdig, men produsentane har lova Tenden ei litt spesiell julegåve i år.

– Dei har sagt vi skal få eit bilete av ein ekte bil før jul, så det må bli årets julepresang, seier Tenden.

Ville stille seg tidleg i kø

Det er Nikola Motor i USA som skal produsere lastebilen, men det er framleis uvisst korleis sluttresultatet blir.

– Vi har stor tru på at dei kan bygge ein bil som kan brukast utanfor USA, difor vil vi vere tidleg ute og stille oss i kø for at vi kanskje kan få ein av dei første i Noreg, seier Tenden.

Tenden måtte likevel sjå seg slått på målstreken av Tine. Dei var nemleg først ute.

Tenden

VILLE VERE FØRST UTE: Rolf Olav Tenden ville vere først ute med elektrisk lastebil, men vart slått på målstreken av Tine.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Etter fleire år med lastebil og diesel ser Tenden klart for seg meir bruk av batteri og el-lastebil.

– Eg er alltid nysgjerrig på nye ting, spesielt Tesla. Det ser eg på som ei stor nyvinning innan bilindustri. Eg har sagt til meg sjølv at når det kjem til lastebil, så skal vi vere tidleg ute for å prøve det. Det har sjølvsagt også ein miljøgevinst.

– Sjåførane gjer litt narr av meg

Tenden trur elektriske lastebilar kan bli eit vanleg syn på norske vegar i framtida, men sjåførane i Tenden Transport er ikkje like sikre i trua.

– Sjåførane gjer litt narr av meg no, men eg reknar med det ordnar seg om nokre dagar, ler Tenden.

Prislappen vil truleg ende på det dobbelte av ein tradisjonell lastebil, men det meiner Tenden ein tek fort igjen på drifta.

– Du kan få lett drift på alle hjul. Når ein tenkjer på fjellovergangar og sikkerheit, så er det fantastisk. Vi får ein heilt ny måte å køyre bil på, seier han.

Vegg

OPP PÅ BILDEVEGGEN: Til jul kan Rolf Olav Tenden få eit bilete av den nye lastebilen. Bilete får truleg plass på bildeveggen på kontoret.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK