Hopp til innhold

Dette kan du gjere i haustferien

Med høg puls mot toppen av eit fjell eller med tøflane på heime i sofaen – her er forslaga til kva du kan fylle veke 41 med.

Haust på Segestad i Oppstryn

FOR MYKJE FORLANGT?: Enten det blir fint vêr eller ei er det mykje ein kan gjere i haustferien. Her er Segestad i Oppstryn i si flottaste haustprakt.

Foto: Alf Terje Glomnes

For mange er den komande veka hyttetid, men også dei som har heimehaustferie kan fylle ho med aktivitetar av alle slag.

1. Ut på tur

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Astrid Kalstveit, vil råde alle til å kome seg ut i naturen denne veka. Ho minner om at vi bur veldig lagleg til.

– Sogn og Fjordane er jo eit turfylke utan sidestykke!

Ho anbefalar mellom anna vakre Fuglesteg i Luster, Skongenes Fyr i Vågsøy, Fauskevarden i Førde, padling i Råkeneset i Solund, Brandsøyåsen i Florø, Longevasshytta i Naustdal, Nipebu i Askvoll, og Skålatårnet i Stryn – kanskje med eit lag nysnø.

– Vi har gjort ein skikkeleg jobb med å merke stiar betre, både med skilt og dei klassiske raude T-ane. Det er enklare å finne fram no, seier Kalstveit.

Fuglesteg

FUGLESTEG: Ein favoritt blant turfolket i fylket.

Foto: Luster Turlag

2. Gled dei yngste med badeland

Vi må berre innsjå at vi bur i eit regnutsett fylke. Ikkje eingong haustferien er heilag for vêrgudane. Heldigvis går det an å ha ein strålande dag innandørs.

Pakk bilen full av badetøy, handkle og armringar og køyr til Trivselsbadet i Gloppen, Havhesten i Florø, Alexandra Bad & Spa i Loen, Høyangerbadet eller Lustrabadet i Gaupne.

Utekulpen i Lustrabadet

AVSLAPPANDE: Utekulpen på Lustrabadet.

Foto: Lustrabadet

3. Gå i operaen

«Maskeballet» spelar på Operahuset Nordfjord heile haustferieveka, utanom måndag og torsdag. Operaen handlar om maskeballet på Kungliga Teatern 16. mars 1792, der kong Gustaf III av Sverige blei skoten.

Operahuset i Nordfjord var fullsett

POPULÆRT: Operahuset i Eid har stadig full sal.

Foto: Simon Solheim/NRK


4. Sjå ein film eller to

Besøk din lokale kino, enten heile familien eller åleine etter at ungane har lagt seg og bornevakten er på plass.

Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin har nett hatt premiere, og har fått strålande kritikkar. Perfekt for heile familien, då den antakeleg byr på både underhaldning, humor og ei god dose nostalgi.

Villmark 2 har Norgespremiere 9. oktober. Oppfølgjaren til kassasuksessen frå 2003 er klar. Gjensynet i seg sjølv er grunn god nok til å kjøpe billett, men det er også litt kult at handlinga føregår på Luster sanatorium her i fylket.

Knutsen og Ludvigsen på en dresin

FAMILIEFILM: Både store og små kan finne glede i Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin.

Foto: Tordenfilm / Qvisten Animation / Norsk Filmdistribusjon

5. Spel kubb eller andre gløymde spel

Spelet der du hiv treklossar. Ein altfor lite praktisert familiefavoritt frå fordums tid.

Slå av TV-en. Leit litt rundt på loftet etter Den forsvunne diamanten, Pictionary, Monopol og Scotland Yard, og ha ein heilaften med kakao og stearinljos rundt stovebordet.

Geni, Trivial Pursuit og andre spørjespel er alltid ein god idé. Test kunnskapsnivået ditt, eventuelt kva du hugsar frå tida då du kjøpte spelet.

Ein god gamaldags mimeleik kan fort bli det festlegaste du gjer heile ferien.

Alternativ til skjerm: brettspill med barna

MORO: Ein spelkveld kan vere perfekt haustferiesyssel.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

6. Reis på bærtur

Hent fram gummistøvlane, byttene og bærplukkaren og ta turen ut i skogen.

Vel heime att kan de lage saft eller syltetøy. Det er jo aldri feil å ha litt blåbærsyltetøy i frysaren når vinteren kjem.

Blåbærlyng

VERDT FLEKKANE: Det er vanskeleg å unngå småeting på bærtur.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Del din haustferie med oss på Instagram! Bruk emneknagg #nrksf.