Dagleg leiar Nina Gudevang i Lustrabadet i Gaupne er nesten i skyene av effekten av «den grøne vinteren».
– Det har slege ut heilt eventyrleg. Vi har hatt vår beste månad sidan starten i oktober 2012. Vi har hatt 6700 badegjester i juli. Det er meir enn ei dobling av besøket i juli i fjor.
- Les også:
Dei fleste av dei som tyr inn i varmen i Lustrabadet er turistar.
– Om lag 80 prosent er einskildbillettar. Dei fleste er folk som kjem langvegs frå, folk som er turistar i området, både nordmenn og utlendingar.
Også på Sandane og i Høyanger
Også Trivselshagen Bad og idrett på Sandane kan rapportere om godt besøk, dei har hatt 6616 besøkande frå 1. mai til no. I same perioden i fjor var det 4700. På Sandane er det mykje folk utanfrå, frå Vågsøy, Eid og Bremanger, i tillegg til feriegjester.
Også Høyangerbadet kan melde om veldig bra besøk.
– Det er ein del høgare enn andre somrar når det er godt ver. Vi merkar stor forskjell på vêret, seier Svein Erik Lillehauge.
Hotel Alexandra i Loen har og registrert fleire gjester i badeanlegget sitt enn det som er vanleg om sommaren.
– Fælt å seie det, men...
Fjorårssommaren gav magre inntekter for Lustrabadet, mykje sol og god varme gjorde at folk tok ein dukkert i fjorden i staden. Då er det langt meir å gle seg over for dagleg leiar Nina Gudevang i år.
– Det er fælt å seie det, men dette gjorde godt. Eg har snakka med folk frå andre badeanlegg i heile landet, og dei fortel det same. No ligg vi 11 prosent over fjoråret i besøkstal totalt sett, så det er vi nøgde med.
Og ho får veldig gode tilbakemeldingar frå dei som tek turen innom Lustrabadet for første gong.
– Dei er veldig nøgde, det er mange glade badegjester. Og mange er overraska over kor mange basseng og tilbod det er her.
Og august held fram på same måten for Lustrabadet.
– Vi rundar 1000 besøkande dei fem første dagane i august.