NRK Meny
Normal

Dette får Sogn og Fjordane i revidert nasjonalbudsjett

13 millionar til båt- og ferjedrift i fylket og 30 nye studieplassar ved Høgskulen på Vestlandet i Florø. Her får du oversikt over alt som vert delt ut i fylket.

I dag legger Regjeringen fram forslag til revidert nasajonalbudsjett 2017.

Sjå framlegginga av revidert nasjonalbudsjett her.

– Det er mange som er heilt avhengig av det båt- og ferjetilbodet i fylket, og vi no får styrka finansieringa. Det er vi veldig glad for, seier fylkesgruppeleiar i Høgre, Noralv Distad.

Noralv Distad

NØGD: Noralv Distad (H) er godt nøgd med ekstra tilføring av midlar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Seks millionar er til drift av båt og ferjer, medan sju millionar kjem frå ein nasjonal pott på 100 millionar til miljøvenlege løysingar. Tilskotet trer i kraft frå 2018.

Distad seier pengane kjem godt med.

– Det skal sikra god regularitet på dei tilboda vi har og så styrkar det fylkeskommunen si finansiering båt- og ferjetilbodet. No har samferdsle vore hardt råka av at vi må driva med stramme budsjett og eg er godt nøgd med at vi har fått meir til samferdsle, seier Distad til NRK.

I budsjett Sogn og Fjordane fylkeskommune 2017 er det sett av 95 mill til fylkeskommunale båtruter og 130 mill til ferjeruter. Totalt 225 mill.

Studieplassar i Florø

I tillegg føreslår Regjeringa å løyve 4,2 millionar kroner til 30 nye studieplassar ved Høgskulen på Vestlandet i Florø. Studieplassane er på ingeniørutdanninga og målet er å styrka tilgangen til kompetent arbeidskraft innan teknologi i regionen.

– Denne løyvinga viser at regjeringa framleis satsar på petroleumsnæringa, og at næringa og i mange år framover skal være berebjelken i norsk økonomi. Vi treng framleis at mange unge vel petroleumsretta utdanningar slik at Norge framleis er i front på teknologi og innovasjon. At utdanninga i Florø og satsar på å utvikle studietilbodet sitt til å gjelde breiare delar av havrommet er heilt i tråd med regjeringa sine prioriterte satsingar på havrommet, seier stortingskandidat for FrP, Britt Dalsbotten.

I tillegg er det sett av pengar til dette:

  • Saman med Hordaland får Sogn og Fjordane 30 millionar ekstra til kostnadar knytt til samanslåinga av dei to fylka.
  • Politiske parti får 500 000 mindre, gunna lågare aktivitetsnivå.
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå