NRK Meny

Dette biletet fekk Nav til å reagere

– Eg fekk beskjed om at eg som sjukemeld bør vere forsiktig med kva for bilete eg legg ut på Facebook, seier Bjarte Øygard.

facebook nav

SKIFERIE I HEMSEDAL: Tradisjonen tru var Bjarte Øygard og familien også i år på vinterbesøk hjå systera og svogeren hans i Hemsedal. Dette er biletet som fekk det lokale NAV-kontoret til å frykte at folk kunne kome til å tru at Øygard ikkje burde ha rett på sjukemelding.

Foto: Skjermdump Facebook

To skulderoperasjonar gjorde at Bjarte Øygard frå Sandane vart sjukemeld. Etter fire månader som arbeidsufør stod han på telemarkski saman med familien. Ein arbeidskollega av Øygard kom då med ei uromelding til Nav.

Bjarte Øygard

PÅ FJELLTUR: Bjarte Øygard med Breimsvatnet i bakgrunnen, sett frå Dunheia.

Foto: Privat

Han lurte på korleis det kan ha seg at eg som er sjukemeld kan stå på slalåm i Hemsedal. Nav formidla denne uromeldinga vidare til meg, fortel Øygard.

Sofaen er ikkje løysinga

Sakshandsamaren til Øygard sa at folk som ser desse bileta kan kome til å tenkje sitt.

Men dersom folk meiner at eg ikkje skal kunne ha fine stunder i livet fordi om eg er sjukemeld, so ynskjer eg å kome slike stigmatiserande haldningar mot uføre til livs.

Han får støtte frå Vilde Bernstrøm ved arbeidsforskingsinstituttet på Høgskolen i Oslo og Akershus.

Frå facebook-statusen til Bjarte Øygard

TILBAKEMELDINGAR: Hittil har fleire tusen likt innlegget og hundrevis har kommentert.

– Før trudde ein at arbeidsuføre berre burde kvile mest mogleg på sofaen for å verte friske. No veit vi at noko av det viktigaste folk kan gjere er å vere aktive, som til dømes å ta ein skitur, seier ho.

Øygard seier han lenge har observert at mange held ved den gamle førestillinga om at sjuke og uføre nærast bør gøyme seg heime og ikkje syne seg offentleg. Han er glad for uromeldinga Nav fekk om han. Den gav han kveik til å ta til motmæle, på Facebook. Innlegget hans har so langt hausta tusenvis av positive reaksjonar på Facebook.

Kommentarane på Facebook syner at mange uføre kjenner på eit stigma knytt til helsetilstanden sin.

NAV positive til at uføretrygda er fysisk aktive

Det er viktig for Øygard å få fram at poenget med Facebook-innlegget ikkje var å gå til åtak på Nav. Han meiner sakshandsamaren i Nav formidla uromeldinga til han i beste meining.

– Alle Nav sine sakshandsamarar som eg har vore borti er genuint interesserte i folk sitt ve og vel, seier han.

Presseansvarleg hjå NAV i Sogn og Fjordane, Frode Henden, seier at Nav ikkje meiner at den som er sjuk eller ufør lyt halde seg innandørs til vedkomande er 100 prosent frisk.

At dei som er uføretrygda er aktive og deltakande i samfunnet, so langt som dei kan, er alltid positivt, seier Henden, som legg til at restitusjonsprosessen også går raskare då.

Frode Henden

POSITIV: Frode Henden og NAV meiner det er positivt at både friske og uføre tar del i både mindre og meir krevjande aktivitetar.

Difor er Nav også positive til at dei arbeidsuføre som ynskjer kan ha ei gradert sjukemelding, som tillèt å jobbe redusert arbeidstid.

Henden legg til at det ikkje minst er viktig for dei som er uføre av psykiske årsaker å kome mest mogleg i kontakt med andre menneske, både i hyggjelege fritidssyslar og eventuelt også i jobb.

På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.