Hopp til innhold

Berre to stader fekk tropenatt

Særleg i ytre strøk og langs fjordane bør ein bu seg på ei varm natt, sa meteorologane i går. Dei fekk rett.

Ikkje heilt tropenatt

OVER TJUE: Temperaturar over tjue grader frå klokka åtte om kvelden til klokka åtte om morgonen er det ein kallar tropenatt – som det kan bli mange stader i fylket i natt

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi har berre to stader som har registrert tropenatt, seier statsmeteorolog Gitte Flesland ved Meteorologisk institutt.

Dei hadde på førehand sagt at i ytre strøk og langs fjordane kunne vente seg høge temperaturar, og dei fekk rett.

Kråkenes fyr i Vågsøy registrerte 20,4 grader i natt. På Njøs i Leikanger vart det registrert 20,6 grader, fortel Flesland.

Dermed vart det ikkje like varmt som meteorologane hadde forventa.

– Nokre stader vil kanskje ikkje få lågare temperaturar enn eit par og tjue grader i løpet av natta, sa meteorolog Gunnar Livik ved Meteorologisk institutt til NRK i går.

Trengst vind

"Krava" til tropenatt er strenge – det kan ikkje vere under tjue grader frå klokka åtte om kvelden til klokka åtte om morgonen. Det krev spesielle vêrforhold.

– Det som ofte er gunstig for å få tropenatt, er at det er ein del vind. Det gjer at den varme lufta som ligg i høgare luftlag framleis blir blanda ned til bakkenivå. Overskya vêr utover natta fungerer dessutan litt som ei dyne, og minskar varmetapet frå bakkenivå, fortel Livik.

Gunnar Livik, meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet

STRENGE KRAV: – Det kan ikkje vere under tjue grader frå klokka åtte om kvelden til klokka åtte om morgonen, fortel meteorolog Gunnar Livik.

Foto: Meteorologisk institutt

Natt til laurdag vart venta ein del vind.

– Det bidreg til at nedkjølinga ikkje blir så stor i løpet av natta og tidlege morgontimar, seier meteorologen.

Ved kysten og fjorden

Livik seier tropenetter ikkje er heilt sjeldan her i fylket, det skjer nesten kvart år.

– Det er ofte stasjonar nær fjordar eller langs kysten som får det. Det er både fordi dei har litt meir vind og trekk, og fordi overflatevatnet har begynt å bli varma opp no på sommartid. Det kan ha svalande effekt på dagtid, men på natta vere med på å minske varmetapet frå bakkenivå.

Det er med andre ord folk langs kyst og fjordar som har er størst sjanse til å oppleve tropenatt i natt, mens gradestokken andre stader kan bikke under tjue grader.

– Det er nokre område, trass i at det er varmt, som ikkje får tropenatt, seier Livik.