Hopp til innhold

Det er enkel matte: Difor rykkjer Sogndal opp

For å ta konklusjonen først, Sogndal er i praksis allereie sikra opprykk.

Branns Azar Karadas

OPPRYKKSKAMP: Sogndal og Brann kjempar i kveld om opprykk på kvar sine frontar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Sogndal spelte 1 - 1 borte mot nedrykkstrua Åsane. Dermed er laget i rute i høve utrekningane som vart laga før kampen.

Laster innhold, vennligst vent..

Før kampen svarte ein ordknapp sogndaltrenar slik på spørsmål om ikkje opprykket i realiteten allereie er avgjort:

Bakke smiler etter 3-2 mot Strømmen

TEK EIN KAMP OM GANGEN: Eirik Bakke smiler etter 3–2 mot Strømmen sist måndag. All logikk tilseier at han vil ha minst like stor grunn til å smile når sesongen er over.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Me må ta ein kamp om gangen. Opprykk snakkar me ikkje om, skreiv Eirik Bakke på SMS.

Fotballekspert Jon Navarsete har følgt Sogndal i ei årrekke og trur laget er merksame på faren med å ta opprykket for gitt.

– Men eg har spelt fotball sjølv og veit korleis ting kan snike seg inn når du trur at du er trygg. Då vil du fort mangle dei siste centimetrane som skal til i duellane, seier han.

Kun teorien kan øydelegge

Så over til matematikken. Klokka 15.30 brakar laget frå heimbyen til Ole Gunnar Solskjær saman med Lars Arne Nilsens menn frå Bergen. I den kampen bør alle med hjartet i saftbygda håpe på siger til eitt av laga. Same kven som vinn.

Her er kvifor: Kristiansund og Brann ligg likt på tabellen og kan maks få 61 poeng ved sesongslutt. Men ikkje begge. Med uavgjort i kveld vil dei to laga maks kunne få 59 poeng, medan laget som taper maks kan få 58.

Sjølv med den dårlege forma på bortebane i det siste, vil Sogndal ende på 60 poeng med normal utteljing på dei siste fem kampane.

Igjen, her er kvifor: på dei siste fem heimekampane har Sogndal tatt i snitt 2,6 poeng i kvar kamp, mot 1 poeng på bortebane. Sogndal har tre bortekampar og to heimekampar igjen. Enkel matematikk tilseier at Sogndal bør greie 8 poeng på dei kampane.

Det vil igjen seie at opprykket i praksis er sikra.

– Matematikk er farleg i fotball

At både Brann og Kristiansund, etter oppgjeret i kveld, skal vinne alle sine resterande kampar, er i kategorien usannsynleg på grensa til det umoglege.

Jon Navarsete

NØKTERN OPTIMIST: Fotballekspert Jon Navarsete trur mykje skal gå gale for at Sogndal ikkje hamnar i eliteserien neste år. Men åtvarar mot å ta opprykket for gitt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men Navarsete vel likevel å vente med feiringa til alle teoretiske sjansar er oppbrukte.

– Matematikk er farleg i fotball. Det handlar om å vere kald i hovudet og ikkje sjå på tabellar. Eg trur ikkje laget er prega av det, men er budde på å gå i strupen på Åsane, seier Navarsete

Men alle som ser på tabellen skjønar at mykje rart skal skje for at Sogndal ikkje endar på ein av dei to opprykksplassane. Fire av laga dei har att er meir enn overkommelege.

– Og så har dei ein matchball heime mot Kristiansund, viss det skulle knipe, seier Navarsete.

Laster innhold, vennligst vent..