Hopp til innhold

Siger til Brann, og eit steg nærare eliteserien

Brann vann 1-0 på Kristiansund Stadion, og tek dermed eit stort steg nærare opprykk til eliteserien.

Kristoffer Barmen feirar med lagkameratane etter å ha skåra på straffe mot Kristiansund

JUBEL: Kristoffer Barmen feirar 1-0 målet han sette på straffe saman med Amadiya Rennie, Erik Huseklepp, Steffen Lie Skålevik og Kasper Skaanes.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Det var nervepirrande på overtid i Kristiansund, men Brann klarte å hanke inn tre etterlengta poeng, og gjekk dermed forbi heimelaget på tabellen.

Laster innhold, vennligst vent..

HØYR DIREKTE!: Reporter Oddgeir Øystese kommenterer opprykkskampen mellom Kristiansund BK og SK Brann direkte!

Høyr direkte: Reporter Oddgeir Øystese kommenterer opprykkskampen mellom Kristiansund BK og SK Brann.

Det var Kristiansund som tok i mot tabellnabo Brann i dag. Begge laga hadde 46 poeng etter 25 kampar, men heimelaget Kristiansund hadde marginalt betre målforskjell og ligg difor på 2.-plass og direkte opprykk.

Med andre ord var den ein særs viktig kamp i ettermiddag. Det laget som vann dagens kamp festa nemleg grepet om andreplassen i 1. divisjon, som gir direkte opprykk til eliteserien.

NRKs reporter Oddgeir Øystese kommenterte kampen på Kristiansund stadion.

Du kan høyre kvart spark på ballen direkte frå klokka 15.30 på NRK P1 i Hordaland, eller på nett ved å følgje denne lenka.

Selfie frå Oddgeir Øystese i bua

Oddgeir Øystese frå NRK kommenterer kampen mellom Kristiansund og Brann i ettermiddag. Her frå ein kamp på Brann Stadion.

Foto: NRK

Brann vann sist

Kapasiteten på Kristiansund stadion er 3080 tilskodarar og klubben melder om at alle billettar er selt. Klubben opnar også KFK-hallen for eit realt fotballvorspiel med plass til fleire hundre supporterar.

Sist laga møttest var på Brann Stadion i vår, der to skåringar frå Kristoffer Larsen sikra Brann sigeren 2–1.

Men sidan den gong har Kristiansund berre tapt ein kamp og dei er for tida formlaget i 1. divisjon. Laga følgjer kvarandre tett – dei har lik poengsum men Kristiansund har eit skåra mål meir enn Brann. Kristiansund har no eit tøft kampprogram med Brann heime i dag, og Sogndal borte i neste kamp.

Alt ligg altså til rette for ein tett og tøff «opprykkskamp» i Kristiansund. Brann-spiss Steffen Lie Skålevik var klar i sin tale på siste Brann-trening før avreise:

– Kampen er det einaste eg tenke på no. Vi kan i alle fall ikkje tape for Kristiansund, seier Skålevik.

Lagoppstillingen klar

Brann sender følgande elleve på bana i kampen mot Kristiansund:

Piotr Leciejewski - Amin Nouri, Bismar Acosta, Vadim Demidov, Ruben Kristiansen - Kasper Skaanes, Kristoffer Barmen, Fredrik Haugen - Amadaiya Rennie, Steffen Lie Skålevik og Erik Huseklepp.

Her er laget til Kristiansund:

Conny Månsson - Aliou Coly, Espen Næss Lund, Dan Peter Ulvestad, Erlend Sivertsen - Sverre Økland, Stian Gregersen - Daniel Berg, Pål Erik Ulvestad, Liridon Kalludra - Daouda Bamba.