Hopp til innhold

Dette blir det siste du ser av denne gjengen

Det blei med to sesongar for ungdomsserien Lovleg. No er det over og ut for serien om hybellivet på bygda.

Lovleg

SISTE SESONG: Det blir ikkje ein tredje sesong med Lovleg.

Foto: Rubicon TV / NRK

– Det kjem diverre ikkje fleire sesongar av Lovleg. Eg skulle ønske vi kunne fortsette å fortelje historier frå hybelhuset på Sandane, skriv manusforfattar Kjersti Wøien Håland på Facebook.

I den første sesongen blei vi kjende med Gunnhild og dei andre vidaregåande-elevane som lever hybellivet. Serien handlar om å prøve å passe inn, om angst, forelsking, einsemd, og om å ikkje få ting heilt til.

Serieskapar Kjersti Wøien Håland kjem sjølv frå Høyanger i Sogn og Fjordane og har vore elev på Firda vidaregåande skule, nett slik som hovudpersonen Gunnhild. Manusforfattaren skriv på Facebook at ho takkar for reisa og for alle tilbakemeldingar undervegs.

Rektor på Firda vidaregåande, Hallgeir Hansen, tykkjer det er synd at serien no er slutt.

– Vi har opplevd dette som veldig stas, og vi skulle gjerne vore med på ein sesong til.

Han seier det har vore spennande å vere med på prosjektet.

– Eg ser det har vore god entusiasme blant elevane våre, og det har gitt merksemd. Det er stas å bli vist på landsdekkande TV, seier han.

Prosjektleiar i P3, Melike Leblebicioglu, har tidlegare sagt at sjåartala er stabile. Serien har ikkje berre vore populær i Noreg, men også i Danmark og Sverige har den fått merksemd.

– Vi håpar at det skal bli ein sesong tre for vi har mykje meir å fortelje, sa produsent Hege Hauff Hvattum då sesong to kom i vinter, men slik blir det ikkje.

«Lovleg» Kristine Ryssdalsnes Hovli har hovedrollen som Gunhild, Silje Holm Carlsen spiller Sara

ABORT: Abort, panikkangst og det å flytte til ein ny plass og kjenne seg aleine. Serien har tatt opp fleire vanskelege tema.

Foto: NRK