NRK Meny
Normal

Minister på sommarturne møter nye vegkrav

Milliardbehov, dårleg veg, tidsbruk og ferjeavgangar. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) blir møtt med ei lang rekkje viktige vegsaker når han vitjar Sogn og Fjordane i dag.

Ketil Solvik Olsen

PÅ TUR: Samferdslestatsråd Ketil Solvik-Olsen (Frp) har med seg si andre politiske leiing frå departementet i bilen når han legg ut på sommarturne gjennom fylket.

Foto: NRK

For ordførarane står nærast i kø for å orientere om sine behov og planar når samferdslestatsråden skal ut på ei 1500 kilometer lang reise på E39.

Og sjølv om Stortinget nyleg vedtok bomringen rundt Førde, har ordførar Olve Grotle (H) nye ynskje.

– På dei tilmålte minutta eg har, vil eg snakke om ny E39 forbi Førde, seier han.

Ynskjer framdrift

I Stryn ventar Sven Flo (H) på oppstart av E39 – Indre Trase.

– Det er dette med tidsaspektet, og det å ha fokus på framdrift. Det er kanskje den viktigaste bodskapen eg kjem til å gje, seier Flo. Ordførarkollega Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen har eksisterande E39 gjennom kommunen.

– Sandane – Byrkjelo har veldig vanskelege og dårlege punkt, som absolutt skulle vore gjort noko med, konstaterer han.

Rassikring

I andre enden av Våtedalen, på Skei i Jølster, sit Oddmund Klakegg (Sp) med ordførarklubba. I Astrup-bygda har Bjørset – Skei fått 20 millionar kroner i oppstartsmidlar. Arbeidet startar til hausten.

Klakegg tek gjerne imot ei nyhende om eit prosjekt som kan utløyse massar som kan nyttast på Bjørset – Skei.

– Endeleg rassikring i Kjøsnesfjorden, kan vere noko vi håpar på, seier han.

Ny tunnel i Førde

Lenger sør har det lenge vore arbeidd på strekkja Sande – Vadheim. Og så var det Førde. Ordførar Grotle forsikrar at planane om ein ny E39 gjennom Hafstadfjellet vil komme for statsråden sine øyre.

Slik vil Statens vegvesen legge E39 forbi Bruland.

BRULAND: Statens vegvesen vil leggje E39 i tunnel frå Langeland til Bruland og så vidare til Moskog.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen

– Med tanke at ein nett no har fått Førdepakken banka igjennom i Stortinget, kor mottakeleg trur du han er for nye milliardkrav frå dei same kommunane?

– Eg ventar at vi her i fylket, og også E39 forbi Førde, får ressursar slik at vi kan vere med på denne opprustinga av denne store nasjonale korridoren.

Ynskjer midlar

Summane for å ruste opp E39 er formidable. Statens vegvesen rekna i vår ut at ein ferjefri og utbetra E39 mellom Lavik og Volda, vil koste 20 milliardar kroner.

Leiar i Stamvegutvalet, Jenny Følling (Sp), er ikkje sjølv invitert til å møte statsråden, men meiner det er viktig at Solvik-Olsen blir orientert om det utvalet har bestemt.

– Det neste som no står for tur er planleggingsmidlar Langeland – Førde – Moskog og planleggingsmidlar for Skei – Grodås. Dei to vidare prosjekta som må få oppstartsløyving er Myrmel i 2017 og Vadheim i 2018, seier ho.