Hopp til innhold

Tilrår E39 i tunnel forbi Førde

For fire-fem milliardar kroner vil Statens vegvesen korte E39 med sju kilometer. Vegen skal leggjast i to tunneler ut om Førde.

Slik vil Statens vegvesen legge E39 forbi Bruland.

BRULAND: Slik er det tenkt at nye E39 skal gå forbi Bruland.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen

Tunnelen skal gå frå Myra sør for Langeland til Brulandsberget og ein ny tunnel frå Viegjerdet til Moskog.

Statens vegvesen har valt alternativ 3 som beste løysing for at E39 skal bli eit effektivt nord-sør samband på Vestlandet.

(Artikkelen held fram under kartet)

Tunnel forbi Førde

NY VEGTRASÉ: Med tunnel gjennom Hafstadfjellet.

Foto: Illustrasjonskart / Statens vegvesen

Målet var at transportkostnaden og reisetida for gjennomgangstrafikk og trafikken til og frå Førde måtte bli redusert.

– Alternativet gir over sju kilometer kortare E39, vi får samanhengande veg med 80 km/t og ein unngår arealkonfliktar i Kronborg-området med denne løysinga, seier planleggingsleiar Ingar Hals i Statens vegvesen.

Den føreslåtte vegtraseen består av ein 7790 meter lang tunnel frå området sør for Langeland og til Brulandsberget. Eit toplanskryss vil her sikre effektiv avkøyring mot Førde.

E39 går så inn i ny tunnel som startar ved Viegjerdet og kjem ut i dagen rett ved krysset på Moskog. Vegen er planlagt med midtrekkverk og toløpstunnelar for å tilfredsstille dagens krav til tryggleik,

Køyretida for gjennomgangstrafikk er anslått å vere 10–11 minutt kortare enn i dag, og prosjektet har ein anslått utbyggingskostnad på 4 til 5 milliardar kroner.

Planane vert denne veka sendt over til Førde og Gaular kommunar.

Saman med Førde kommune arbeider vegvesenet med revisjon av Kommunedelplan Trafikk for Førde sentrum. Begge planane vil bli lagt fram til politisk handsaming i april.

Etter påske vil det bli opne informasjonsmøte, og begge planane vil sannsynlegvis bli vedtekne før ferien.

Strekninga frå Storehaug til Myra for alt. 3

E39: Slik er strekninga frå Storehaug til Myra for Statens vegvesen sitt prioriterte alternativ.

Foto: Illustrasjon / Sweco