NRK Meny
Normal

Desse kampane avgjer opprykket

Sogndal med tøffast kampprogram, Sarpsborg 08 med det lettaste. Det er duka for nok ein spanande innspurt i 1. divisjon.

Sogndal - Mjøndalen 3-0

Even Hovland og resten av Sogndal har opprykket i sine eigne hender. - Eg er rimeleg trygg på at Sogndal rykkjer opp, seier NRK-ekspert, Karl-Petter Løken.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Det blir ein knalltøff innspurt, vedgår sportssjef Trond Fylling i Sogndal.

Tøffast program

Med åtte kampar att av årets sesong, ligg Sogndal sitt opprykkshåp i deira eigne hender. Laget tronar øvst på tabellen med 42 poeng. Ned til Sarpsborg 08 på kvalifiseringsplass skil det sju poeng.

Men Sogndal går ein knalltøff serieinnspurt i møte. Med fem bortekampar og tre heimekampar. På programmet står fire av dei fem argaste konkurrentane om opprykksplassen.

- Ballen sprett hit og dit og det er mange kampar att. Det kjem til slutt til kven som klarer å mobilisere til enkeltkamapr. Mykje kan skje, men vi skal ikkje spele mange uavgjort før vi er passerte på tabellen, seier han.

Bra å møte topplag

Medan Sogndal, på papiret, har det tøffaste programmet att, kan Sarpsborg 08 vise til ein serieinnspurt utan nokon av topplaga. Med unntak av Strømmen møter dei berre motstand frå nedre halvdel.

Fylling meiner det passer Sogndal godt å også ha fleire av topplag att.

- Det kan vere like greitt å møte dei dei gode som å møte dei laga som krigar om poeng for å unngå nedrykk. I fjor avga vi poeng både mot dei som gjekk opp og dei som rykte ned. Eg trur Sandnes Ulf heime kan vere vel så tøffe som Fredrikstad, seier han.

Sogndal og Sarpsborg går opp

Fotballekspert hos NRK, Karl-Petter Løken, er langt på veg samd med Fylling. Han ser fram til ein spanande innspurt i 1. divisjon.

- Det er ingen fordel å ha lag som kjempar mot nedrykk dei siste kampane. Då er det betre å ha lag midt på tabellen som ikkje har så mykje å kjempe om, seier han og held Sogndal og Sarpsborg 08 som favorittar til å rykkje opp.

Løken viser til eit skaderåka Ranheim-lag ute av form, eit Bodø/Glimt-lag med for stor avstand til opprykksplass - og eit ustabilt Fredrikstad-lag.

Tabelltoppen pr. 16. september

Lag

Kampar

Siger

Uavgjort

Tap

Målskilnad

Poeng

Sogndal

20

13

3

4

41-21

42

Fredrikstad

21

11

6

4

42-27

39

Sarpsborg 08

20

10

5

5

40-29

35

Ranheim

20

10

4

6

28-26

34

Bodø/Glimt

21

9

5

7

32-20

32

Reprise frå i fjor?

- Ut frå formkurva og kampprogrammet til dei ulike laga, så trur eg Sogndal og Sarpsborg går rett opp. Sarpsborg har fem heimekampar, spelar den beste fotballen og har matchvinnarar i Øyvind Hoås og Martin Wiig på topp. Sogndal har så pass bra flyt og poeng å gå på at dei faktisk kan tillate seg å tape både ein og to kampar - og likevel rykkje opp, legg den tidlegare landslagsspelaren til.

Fylling har ikkje studert terminlista og motstandarane til dei ulike laga, men ser at Sogndal fort kan kome i tilsvarande situasjon som i fjor. Då ville tre poeng mot Hønefoss sendt dei til Eliteserien.

Avsluttar borte

I staden vart det poengdeling, kvalifiseringsspel og ny sesong i 1. divisjon. Fylling vonar at opprykket er sikra før laget møter Ranheim 7. november.

- Ranheim-kampen kan fort bli avgjerande. Men vi tek ein kamp av gongen. Det har Harald Aabrekk vore veldig flink til å få spelarane til å fokusere på neste kamp. Vi må gjere vår jobb, elles er vi ikkje dyktige nok, seier Fylling.

Trygg på Sogndal

Sjølv med tøff motstand i serieinnspurten, trur Løken at Sogndal vil vere klar for Eliteserien før sesongens siste kamp.

- Ingen andre har vist seg så stabile som Sogndal. Eg er rimeleg trygg på at Sogndal rykkjer opp. Sjølvsagt kan dei tape nokre kampar, men det vil også laga rundt dei gjere. Eg trur ikkje dei vil falle heilt av, seier Løken.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast