NRK Meny
Normal

Deppar ikkje etter fjerdplass i Slovenia

Karoline Holsen Kyte føler på ingen måte at ho tapte medaljen i EM-motbakke. – Dei tre beste var i klasse for seg sjølve, seier 24-åringen.

Karoline Holsen Kyte og Eli Anne Dvergsdal

NØGD: For mange er 4. plass ei sur plassering, men Karoline Holsen Kyte (t.v.) føler ho vann, heller enn tapte den, i EM-debuten i motbakkeløp. Eli Anne Dvergsdal enda på 13. plass.

Foto: Privat

Førde-jenta sprang i mål kring halvanna minutt bak bronsemedaljevinnar Andrea Mayr (Austerrike).

Medan Karoline Holsen Kyte enda på 4.-plass, vart Eli Anne Dvergsdal frå Jølster nummer 13.

– Vi norske starta veldig langt bak, og dei tre som tok medaljeplassane sprengte starten. Eg merka dei hadde eit tempo som eg ikkje klarte å halde, seier Karoline Holsen Kyte.

Starta langt bak

Dermed konsentrerte Førde-jenta seg om å ta fjerdeplassen. Ei plassering som for mange ville vore sur å svelgje.

Utover løpet verka kampen å vere tøffare enn venta. Etter fire kilometer var Kyte i ein kvartett der det skilde berre seks sekund.

– Eg var nede på femte og sjette plass, men klarte faktisk å plukke dei to i ein nedoverbakke. Det vart tungt, men halvveges vart eg piggare og klarte å gi på litt ekstra i bakkane, seier Kyte som til slutt sprang i mål til tida 53 minuttar og 16 sekund.

– To gode løp

Eli Anne Dvergsdal

ARKIVFOTO: Eli Anne Dvergsdal har slite med skade og sjukdom i lengre tid. Ein 13. plass blant 64 deltakarar må difor vere godkjent.

Foto: Line Eilevstjønn Omland / NRK

Avstanden ned til landskvinna Dvergsdal var over to minuttar. Jølster-jenta tok sølv då ho EM-debuterte for to år sidan.

– Avstanden mellom oss var som den har vore tidlegare i år, så eg trur nok vi har gjort gode løp begge to, seier Kyte.

Dei tre som under banketten i kveld får medaljen om halsen, var det lite å gjere noko med.

– Dei beste er veldig, veldig gode. Av og til må ein berre akseptere at andre er betre, seier 24-åringen.

– Ikkje umogleg

Det er dermed ikkje sagt at det ikkje er råd å nærme seg tidsmessig, og kanskje ta steget opp på pallen ved neste høve.

– Ho som vann er ekstrem, men halvanna minutt er ikkje umogleg å springe inn. Eg har ikkje satsa så lenge og føler at eg har meir å gå på, seier Kyte.

Neste store mål er Skåla Opp i Loen, Førde opp og Stoltzen i Bergen. Noko NM får ho ikkje vere med på neste helg. I september ventar NM i halvmaraton.

– Rekordar er alltid kjekt, men rekordane på både Skåla og Stoltzen er veldig sterke. Men ein kan uansett få gode tider, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser